Men AaFK har vore betre på bortebane enn heime hittil i sesongen, og trenar Ivar Morten Normark har god tru på avansement.
- Vi er heldigvis eit godt bortelag, så dette er på ein måte greit, seier Normark.
Verst for publikum
Han legg til at det verste er at folk på Sunnmøre ikkje får vere med på den store opplevinga som ein kvartfinale er.
- Vi er fotballens svar på Indiana Jones, der vi må gå gjennom mange utfordringar før vi kjem til slutten. Men dette skal vi tole, seier Normark.
Kampen blir spelt onsdag 27.august.