Kvinnelandslaget i fotball startar oppkøyringa til VM i USA med privatlandskamp mot Nigeria på Aksla stadion i Ålesund.
I går kom laget til byen, der dei skal bu og trene fram til kampen laurdag.
Kampen mot Nigeria i Ålesund laurdag er den nest siste kampen for kvinnelandslaget før fotball-VM i USA startar i september. Nigeria er ein relativt ukjend motstandar for Noreg, og landslagssjef Åge Steen trur dei kan lære mykje av kampen.
I løpet av opphaldet i Ålesund blir det også lagt opp til mange sosiale aktivitetar. Mellom anna skal dei i dag ut på havrafting. Steen trur at det er viktig med sosiale aktivitetar for å få spelargruppa til å fungere.