|
Ivar Morten Normark |
AaFK slapp med skrekken i NM-oppgjeret mot HANO i går, og berga 2-0-sigeren mot slutten av kampen. Ved pause sto det 0-0, men to mål av Joachim Austnes og Frode Fagermo mot slutten av kampen førte til 2-0 siger for Ålesund.
Aalesunds Fotballklubb sleit lenge i cup-oppgjeret mot tredjedivisjonslaget HaNO i går kveld.
Dumma seg ikkje ut
Trenar Ivar Morten Normark vil ikkje vere med på at laget hans var i ferd med å dumme seg ut. - Nei, det er å dra det for langt. Dette er slikt som kan skje i kampar der vi stangar og stangar utan å få det til. HaNO hadde ikkje ein målsjanse, medan vi hadde mange nok til å score det som trengs for å gå vidare. Gutane skal ha all ære for at dei ikkje viser teikn til frustrasjon i ein slik situasjon, seier Normark.