skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Hødd uavgjort mot B-prega AaFK

Hødd spelte uavgjort 1-1 mot eit B-prega AaFK på Høddvoll torsdag kveld. Bana var nydeleg til tidleg i april å vere, men berre eit par hundre hadde møtt opp for å sjå kampen som enda 1-1.

Av Arne Flatin. Publisert 04.04.2003 11:15.
Hødd stilte med sitt beste tilgjengelege mannskap. Dag Roar Ørsal er ute med ein skade, medan Henning Nygård hadde gyldig fråversgrunn. AaFK stilte med eit B-prega lag. Kanskje 2-3 av dei som stilte frå start kan rekne med å vere aktuelle for det laget som møter Tromsø i Tippeligadebuten 13.april på Kråmyra.

Mål siste fem minutta

Hødd hadde nok håpt at tango-trøyene hadde mønstra sitt beste mannskap, og det vart ein ganske daff kamp i lange periodar. Begge laga hadde gode sjansar til å score før pause, men tilskodarane måtte vente til dei siste fem minutta for å få sjå scoringar.

Holstad debuterte

Tommy Sylte heada inn 1-0 nokre minutt før slutt etter fint forarbeid av blant andre debutanten Lars Roar Holstad som kom frå Hareid denne veka. Holstad går dermed i fotspora til far sin, Hans Gisle Holstad, som var med på det kjende Hødd-laget frå slutten av 60, og tidleg 70-tal.

Tommy Sylte


Utlikning på overtid

Dei fleste hadde rekna med ein snau Hødd-siger då Jonny Hansen sende i veg eit langskot frå rundt 30 meter, som gjekk til høgre for Hødd sin reservekeeper Øystein Vik Myklebust. Dermed uavgjort, noko Hødd nok hadde mest grunn til å vere misfornøgd med.

Jonny Hansen


Brei stall

AaFK viste med denne kampen at dei har ein brei og god stall som kan vere viktig i kampen om poenga i norsk toppfotball. Kim Deinoff i mål, Øyvind Gjerde på backen, Eirik Hoseth, Nils Ottar Sandø og Rune Johansen i angrepsrekka er berre nokre av spelarane på gårsdagens AaFK-lag som vil kjempe om ein plass på laget.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no