Hødd spelar mot Rosenborg i Abrahallen klokka atten fredag kveld. Rosenborg er berre det første av fleire gode lag som 1.divisjonsklubben skal møte. Molde er neste motstandar allereie tidleg i neste veke.
Deretter følgjer kampar mot Hønefoss, Skeid og AFK, medan Byåsen vert motstandar i generalprøva på Høddvoll 6.april.
Hødd har møtt gode lag som Sogndal, Hønefoss og AaFK allereie, men har samla dei tøffaste kampane til den siste månaden før seriestart. Dette har klubben gjort bevisst, seier kaptein Andre Nevstad.