skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

-NM skal inspirere næringslivet

NM på ski i Molde kan vere ein inspirasjon for næringslivet som har problem med lønsemda.

Publisert 28.01.2003 07:36. Oppdatert 28.01.2003 12:19.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Det seier leiar i Kunnskapsparken i Molde, Frank Lien. Saman med M.O.I og fylkeskommunen brukar dei NM til ein konferanse der kjende idrettsfolk skal motivere næringslivet til å lære av idretten. Oddvar Brå, Åge Hareide og Knut Knudsen er foredragshaldarar på konferansen under NM på ski.
Hilmar Windstad i MOI, ordførar Rolf Myhre og Frank Lien i Molde Kunnskapspark vil ha næringslivet til å møte idrettskjendisar.






















Prestasjonskultur

Motivasjon og vilje til prestasjonar er verdiar som arrangørane av NM på ski meiner idretten kan overføre til næringslivet. Til konferansen i Molde har dei henta idrettskjendisar som har hatt personleg suksess både nasjonalt og internasjonalt.
Oddvar Brå var ein av verdas beste skiløparar på 70- og 80-talet og har sett som tittel på sitt foredrag: "Stavbrekk, men slett ingen Brå-stopp!".
Noregs beste syklist gjennom tidene, OL-meister Knut Knudsen, har sett som tema:"Vil jeg så kan jeg, vil vi så kan vi".
Åge Hareide skal snakke om lagspel og korleis få ulike menneske til å jobbe saman.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL
Siste saker:

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no