skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Larver på snøen

Eva Holten frå Tingvoll oppdaga at det låg ei mengd med larver og sprella på snøen og isen ved huset hennar. Og sjølvsagt sende ho bilete til Naturtelefonen for å få vite kva slags larver dette er...

Publisert 30.01.2006 10:27.





Larvene som låg i store mengder oppå isen og snøen er myrstankelbein-larvar. Dei blir også kalla langfoting eller langfotkongler - desse insekta med lange bein og små, tynne kroppar som svirrar rundt og kan vere ei plage fordi dei trekkjer mot lyset og kjem inn så snart ei dør eller eit vindauge står ope.



Larvene lever i jorda før dei går over til neste stadium, som altså er eit flygande insekt. I periodar med så mykje nedbør at jorda blir heilt vasstrekt, blir dei tvinga til overflata for å få luft. Det er sjeldan ein ser dei i slike mengder som her, og sjansane deira til å overleve når jorda er dekt av snø og is, er ikkje særleg store.




Siste saker:
Flere saker: ALT OM NATURTELEFONEN

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no