skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Egg er godt, egg er sunt!

Radioprogrammet "Mat med Mindor" har hatt egg som tema, lytt og les om denne flotte matvara!


Av Odd Sørås. Publisert 14.03.2005 14:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Egg utan salt er som kyss utan kjærleik
Gammalt ordtak frå Smøla, innringt av Berit Gjøstøl.


Er egg farleg for helsa?

Det spurde ein lyttar om, og det er ikkje å undrast på, for i mange år blei vi nærmast åtvara mot å ete egg: dei er fulle av kolesterol osv.

Verken radiokokk Mindor Klauset eller programleiar Odd Sørås er kosthaldsekspertar. Men vi har lese ein del om dette emnet, og det ser ut til at det i dag er semje blant ekspertane om at det er liten grunn til å vere redd for å ete egg i rimelege mengder. Rett nok inneheld eggeplomma ein god del kolesterol, men dette betyr svært lite for kolesterolinnhaldet i blodet. Dessutan inneheld egget fleire viktige vitamin og er rikt på umetta feittsyrer, som er bra for helsa vår.


Egg på færøymåten

Andreas Fjørtoft ringde til radioprogrammet "Mat med Mindor" (torsdag ettermiddag kl. 1633 i NRK Møre og Romsdal)og fortalde om ein enkel eggerett han lærde for lenge sidan av tanta si på Færøyane.

Slå 2-3 egg i steikepanna. Ha oppi sundskoren tomat, rør forsiktig rundt. Ha oppi krydder etter eigen smak. Enkelt, men utruleg godt!



Omelett

Foto: Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt
Det er ikkje alltid så lett å få til omeletten slik han skal vere: lett og luftig og litt blaut i midten. Kanskje du får det til med denne generelle oppskrifta frå Mindor Klauset:

Ha godt smør i panna og slå saman egg, litt salt og væske i form av vatn, mjølk eller fløyte, det blir opp til deg sjølv. Bruk helst ei tynnbotna panne, då har du best kontroll med temperaturen. Steik til det fester seg i botnen, då legg du i det fyllet du vil ha: ost, skinke, reker eller kva det no kan vere. Vend omeletten varsamt.

Omelett-trikset
Så kjem det Mindor kallar "kokketrikset": Ta panna av plata og set ho i steikeomnen med overvarme på grillen, la omeletten stå ei stund og blåse seg opp og steikje seg nesten gjennom.


Eggerøre

er også ein rett som kan lagast på mange måtar. Ein samtale mellom Mindor og innringjar Ingrid Sætre frå Sjøholt gav dette resultatet:

Pisk 2 egg lett.
Tilset 1 ss fløyte og 1 ss mjølk (Mindor seier det er ein tommelfingerregel å bruke 1 ss væske til 1 egg). Litt salt. Rør det i hop i panna - rør litt inn frå kantane, la det stivne seint. Mindor seier at ein også kan lage til eggerøra i ein bolle av stål eller eldfast glas over eit vassbad.

Det er viktig å stoppe litt før du trur eggerøra er ferdig, hugs ho er så varm i seg sjølv at ho stivnar ei stund etter at du har teke ho av varmen.

*******

Josten Myrhaug hadde eit interessant spørsmål om

Eggedosis

Han synest nemleg at det er vanskelegare enn før i tida å få eggedosisen stiv. Før gjekk det lett og raskt med handvisp, no må han gjerne bruke hurtigmiksar ei lang stund.

Mindor hadde ikkje noko opplagt svar, men kom i tankar om to ting:

Er egga tempererte?
Ein skal helst ikkje bruke egg som kjem rett frå kjøleskapet - dei kan gjerne stå eit døgn på kjøkenbenken før ein brukar dei i matlaginga.

Feittrestar i bollen?
Det kan av og til vere att små feittrestar i bollen sjølv om ein meiner oppvasken er gjort skikkeleg. Prøv å vaske bollen med eddik før du piskar egga!

Har du ei meining om eggedosisproblemet? Send oss nokre ord med e-post: Skriv til MAT MED MINDOR

*******

Egget er skjørt, også inni
Visdomsord frå Dagblad-kokk Andreas Viestad



LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no