skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Kringler og andre godsaker

Her finn du fleire oppskrifter frå radioprogrammet "Mat med Mindor" - ta for deg!

Av Odd Sørås. Publisert 15.02.2005 10:37.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:






Du kan høyre heile programmet om "kringler m. m." som vart sendt 10.02.05 via lydlenkja ovanfor. Men her er oppskriftene frå programmet.


Greta Barstad fortalde om si gamle og velprøvde oppskrift på aniskringle:

Aniskringle

1/2 kg kveitemjøl
80 g sukker
100 g margarin
1 egg
4-5 ts anis
1/2 ts kardemomme
4 dl mjølk
50 g gjær

Bland mjøl, sukker, anis og kardemomme for seg. Smelt margarinen og ha oppi mjølka, egget og gjæra. Bland så alt saman til ein fin, laus deig. La han heve (det går fort). Rull ut kringler. Set dei til etterheving. Steik dei ved 220 grader til dei blir gylne og fine. "Eg har aldri opplevd at desse kringlene er blitt mislykka," seier Greta Barstad.


Mari Soleim frå Stranda fortalde om korleis ho lagar

Kringlestong:

600 g kveitemjøl
200 g margarin
3 dl mjølk
2 egg
50 g gjær
3 ss sukker

Mari smuldrar margarinen i mjølet. Medan deigen står til heving i ca. ein time, lagar ho fyll:

Smørkrem av 150 g margarin(smør)og 2 dl sukker.
Vaniljefyll som ho kjøper i pakke
250 g marsipan

Ho kjevlar ut deigen til ein passe leiv. Midt på leiven legg ho lagvis smørkrem, vaniljefyll og marsipan som ho raspar eller skavar oppi (marsipanen bør vere kald). Så klipper ho inn frå sida og flettar leiven til ei fin stong, penslar med egg og strør perlesukker og hakka mandlar over. Lar så stonga etterheve i 20-25 minutt og steikjer ho i omnen på ca. 225 grader i 25 minutt.


Eit program om kringler må sjølvsagt ha med ei oppskrift på

Vasskringle/Vannkringle

og den fekk vi av Johanne Aarsheim i Volda.

600g kveitemjøl
50 g gjær
100 g margarin
3 dl vatn

Denne deigen blir nokså fast. Set han til heving i ca. 10 minutt. Rull han til kringler og set dei til etterheving i 15 minutt. Steik dei ved 225 grader til dei blir litt brune. Ta dei ut og dypp dei i fosskokande vatn. Set dei i omnen igjen til dei blir blanke og fine.


Men vi fekk ikkje berre kringler i dette programmet. Berit Gjøstøl frå Smøla kunne by på ein spesialpizza med 32 porsjonar (ho er bestemor til tre svoltne gutungar)!

Berits pizzahorn

Lag ein deig av
2 liter kveitemjøl
100 g margarin
1 pk gjær
litt salt
litt sukker
8 dl mjølk

Medan deigen hevar seg, lagar ho fyll av:

Ein kjøpepose med pizzafyll (tomat og løk)
500 g bruna kjøttdeig
litt kvitløkspulver, ørlite sukker

Når deigen er ferdigheva, kjevlar ho ut fire leivar. Ho deler leivane med "fattigmannstrinse", kvar leiv i åtte trekantar. Når fyllet er kaldt, legg ho det i saman med riven ost og rullar stykka i hop slik ein rullar horn. Tett godt i endane så ikkje fyllet renn ut! Så legg ho dei på bakeplate med steikjepapir på, penslar dei med egg og lar dei etterheve før dei går i omnen.




Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no