skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Gode bolletips

Med hjelp frå lyttarane og Morten Schakenda gir Mindor Klauset og Odd Sørås gode tips om bollar.


Av Odd Sørås. Publisert 08.02.2005 14:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:




Denne gongen har vi med oss meisterbakaren Morten Schakenda frå Gjerdsvika i Sande, som har gjort lomvær av seg - han driv bakeri i Lom. Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr programmet!


Aukrabollar

Bjørg Hukkelberg frå Aukra fekk ei kokebok av bestemora då ho gifta seg, og ei oppskrift på kveitebollar (fastelavnsbollar) er blitt svært populær, ikkje berre i familien hennar. For via barnehagen der Bjørg arbeider har oppskrifta spreidd seg til heile Aukra, ja endå lenger.

Grunnoppskrifta:
1/2 kg kveitemjøl
100 g smelta margarin
3 dl mjølk
1 pk gjær
1 dl sukker
1 ts kardemomme
1 egg

Steikjetemperatur: 250 grader.

Bjørg må alltid lage meir enn dette, så ho startar med 2 kg kveitemjøl og aukar dei andre ingrediensane tilsvarande. Attåt den eine gjærpakka brukar ho då ein pose tørrgjær, men framleis berre eitt egg. Desse bollane blir alltid lette og fine, sjølv om dei ligg eit par dagar.


Solveig Nytun har like stor suksess i familien med sine bollar. Det spesielle ved denne oppskrifta er at bollane ikkje inneheld kardemomme, men kanel. Her kallar vi dei

Kveitebollar med kanel

50 g gjær
1/2 ts salt
1 3/4 dl sukker
5 dl mjølk
14 dl kveitemjøl
150 g smør eller margarin
1/4 ts kanel
2 dl rosiner
2 egg

Rør ut gjæra, saltet og 1 ts sukker. Tilsett mjølka som du har lunka og arbeid inn 1/3 av mjølet. La det stå lunt og tildekt i ca. 20 minutt. Så tilset du smelta smør etter at du har avkjølt det og har oppi resten av sukkeret og mjølet + kanelen, rosinane og egga. Set deigen til heving i ein time før utbaking. Pensle bollane med egg før du steikjer dei ved 250 grader.




Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no