skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Frå storsuppe til fiskesuppe

Januar er suppemånad i radioprogrammet "Mat med Mindor" - her er oppskrifter og gode råd frå Mindor Klauset og lyttarane våre!

Av Odd Sørås. Publisert 21.01.2005 14:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:








Skriv til MAT MED MINDOR!

FRÅ PROGRAMMET 12. JANUAR:

Eldbjørg Rundtom frå Vestnes fortalde om ein rett frå sin barndom:

Storsupe

Du kokar salta sauekjøt. Skjer gulrot, kålrot og kålhovud i høveleg store bitar og kok grønsakene i kjøtkrafta i lag med potet (kok dei ikkje i hel, ha oppi det som treng lengst koking først). Så tilset du gulerter som har lege i vatn over natta og lagar ertesuppe av kjøt- og grønsakkrafta.

Kjøt, grønsaker og potet skal etast for seg, og ertesuppa attåt. Eldbjørg Rundtom fortel at dei har brukt å koke kjøtsuppe av restane; den kallar dei småkjøtsuppe!

Vil du ikkje ha storsupa fullt så feit, kan du koke kjøtkrafta kvelden før og setje ho kaldt så feittet flyt opp og stivnar slik at du kan lette det av dagen etter. Men litt av smaken forsvinn med feittet, sjølvsagt.

Har du ein spekekjøtrest, kan du ha den oppi, eller ein røykt svineknok om du vil ha røyksmak.


Solveig Anne Orvik frå Raknes på Otrøya fortalde om

Mjølkesuppe med byggryn

Legg 1 dl byggryn i vatn over natta. Slå vekk vatnet og kok opp byggryna i 1,5 l mjølk. La det småkoke i 1 time og 20 minutt. Smak til med litt salt (ei halv teskei) og 3 ss sukker. Dette er eit godt alternativ til risengrynsuppe, men hugs at byggryn treng lengre koketid enn risengryn.

Solveig Anne Orvik gav oss også ei oppskrift på byggrynskrem. Vi har hatt ei liknande oppskrift før, som du kan lese her: byggrynskrem

men her er Solveig Annes oppskrift:

Byggrynskrem

Legg 100 g byggryn i bløyt i 3 dl vatn over natta. Kok gryna ein times tid i 8 dl heilmjølk. Tilset 15 g margarin og 40 g sukker på slutten. Kjøl av, pisk krem og rør i. Då kan du også ta med litt vaniljesukker.


Petter Krangnes frå Øye i Surnadal serverte oss ein spesialitet frå Surnadal:

Mjølkesuppe med byggryn og gul erter eller "Julkveldsup"

Kok bløytte byggryn og erter i vatn til det er kokt nesten tørt, så tilset du mjølka. Ha i litt kveitemjølsjamning til slutt. Dette brukte dei attåt lutefisken julekvelden, derfor kalla dei det "Julkveldsup".

Til slutt i "Mat med Mindor" 12. januar kom Wenche Eli Johansen frå Molde og fortalde om to rettar som du skal få oppskrift på her:

Suppe med rødskrubb og kjekjøtt

400g rød skrubb
600g kjekjøtt
2l vann
1 ss salt
3 fedd hvitløk
2 løk
4 gullerøtter
1 purre
1 kvaster timian
3 ss hakket persille
4 ss solbær
100 gr. hvit geitost (chevrè)
salt og pepper

1.Skjær rødskrubbene og kjøttet i terninger mens vannet tilsatt salt koker opp.

2.Skjær grønnsakene i passe store biter, og ha dem i kjelen sammen med soppen og kjøttet. La alt småkoke i 45 min.

3.Rett før servering tilsettes hakket timian, persille og solbær og geitost i små terninger. Smak til med salt og pepper, og server med nybakt brød og smør.

Velbekomme!

Wenche Eli Johansen er kokk sjølv, og denne oppskrifta har ho frå kollega Lars Barmen (eventyrleg god):

Piggvarhodesuppe

2 store piggvarhoder
50 g mandler
4 sjalottløk
2 ss tomatpurè
3 ss karripulver til fisk
4 dl kyllingkraft
3 kanelstenger
4 stjerneanis
1 ts hel nellik
1 ss hel allehånde (la frøa være i hamsen)
ev. 10 karriblad
1/2 aubergine
3 okra
1 lime
1/2 tomat
Del fiskehodene på langs, ta ut gjeller, skyll godt. Brun dem i litt olje i wok. Sett til side.

Hakk mandler og sjalottløk grovt og fres i panna med tomatpuré i 5 min. ved svak varme. Tilsett kyllingkraft, kanelstenger, stjerneanis, nellik, kardemomme og ev. karriblad og fres videre i 5 min. Kutt auberginer og okra grovt og ha dette i fiskehodekarrien i 5 min. Grovhakk tomat rett før servering. Velbekomme.

*********

FRÅ PROGRAMMET 19. JANUAR:

Mindors grunnkurs i fiskesuppe

Har du smått med tid, kan du bruke posesuppe som basis, men då bør du sile frå alt som ligg oppi suppa og tilsetje ingrediensar etter eigen smak. Posesuppa er gjerne nokså salt, så du bør kanskje spe ho med vatn eller mjølk.

Helst vil du kanskje lage fiskesuppa frå grunnen av, og då startar du med å koke kraft. Ta dei fiskebeina du har - Mindor meiner uggestykka er best. Det blir fin kraft av dei fleste fiskeslag, unntaka er kanskje steinbit og breiflabb, som ikkje er så godt eigna til kraft. Seien gir svært god kraft, men ho blir noko grå. Mindor brukar svært gjerne hyse til kraftkoking.

Fiskebeina bør vere så ferske som råd. Skyll av blodrestar og slikt i lunka vatn (kaldvatn reinsar ikkje, varmvatn reiser med smaken) og legg dei i ein kasserolle. Fyll på med kaldt vatn og legg i gode grønsaker: gulrot, løk, purre osv. (men slikt som broccoli gir for lite smak) - dessutan krydder etter eigen smak, heil pepar og gjerne eit laurbærblad.

Kok opp og skum godt av det som legg seg på toppen. La det trekkje i 20 minutt. Då er all smaken trekt ut av beina, og blir dei liggjande lenger, kjem limstoffet ut. Sil vekk beina.

Så lagar du ei kveitemjølsjamning. Jamninga kan også lagast av maisenna. Stort sett kan maisenna erstatte kveitemjøl i jamningar, jamninga blir då litt "kortare" og lettare, og så inneheld ikkje maisenna gluten. Deretter slår du litt mjølk og fløyte eller rømme oppi. Brukar du kveitemjøl, bør suppebasen kokast minst ein halv time for at mjølsmaken skal forsvinne.

Då er basen ferdig, og no kan du fylle oppi alt du lystar av godsaker!

********
EIT TIPS FRÅ HULDA GARBORG
som i 1898 skreiv boka "Heimestell": fiskesuppa blir ekstra god om du piskar i ei eggeplomme eller to!

********
EIT TIPS FRÅ SELMA LORGEN
som ringde oss og fortalde at då ho i sin ungdom arbeidde på ein institusjon, brukte dei bitar av sylta graskar i fiskesuppa. Dei gav ein god, sursøt smak.









LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no