skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Ostesuppe, fiskesuppe, sildegryn og brennsnut

...og mykje meir kjem på bordet når Mindor Klauset og Odd Sørås har suppe på programmet!

Av Odd Sørås. Publisert 10.01.2005 09:55.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:






Radioprogrammet Mat med Mindor handlar i februar om supper, og vi starta ferda vår blant desse meir eller mindre tyntflytande delikatessene med å la Marie Lovis Widnes syngje si eiga "Brennsnutvise" - høyr programmet via lydlenkja ovanfor. Brennsnut - eit namn på kjøtsuppe som er svært utbreidd i vårt fylke - blir kanskje ein gjennomgangsmelodi i matprogrammet onsdag kl. 1130 i vekene framover.
Sørås og Klauset: sjølve Supperådet i aksjon...



Oppskriftene på brennsnut varierer, og vi skal vente med den fullstendige oppskrifta, men namnet brennsnut blir brukt mange stader i fylket på ei suppe av kjøt, erter og andre grønsaker. Særleg før i tida brukte mange byggryn i brennsnuten. Oddbjørg Blindheim ringjer oss og fortel at ho brukar havregryn; det gir god smak og gjer brennsnuten fyldig. I hennar barndom brukte dei også å ha i suppa små ballar av egg, mjølk, mjøl og litegrann sukker.

Sildegryn

minnest Oddlaug Gjelsten frå Ålesund frå sin barndom under krigen - særleg sildebeina står fast i minnet! Men ho lagar sildegryn endå: legg i vatn byggryn over natta, kokar gryna i lag med eit spekekjøtbein, har nedi mykje potet og grønsaker, og så skjer ho litt utvatna spekesild i små bitar og lar dei trekkje i suppa.

Meir moderne i snittet er nok

Ostesuppa

til Bergljot Sættem frå Bolsøya. I suppevatnet blandar ho kjøtbuljong og grønsakbuljong. Så tilset ho bruna kjøtdeig og fresa purreløk, og lar alt koke ferdig. Oppi dette rører ho krydderost og naturell ost (smøreost) i forholdet 1 l vatn/3 beger ost. Til slutt har ho oppi nokre paprikaterningar og persille, og serverer ferskt brød attåt. Kraftige saker!

Til slutt eit tips om

Fiskesuppe:

Åshild Rusten frå Molde lagar fiskesuppe på kraft frå sei, som ho synest gir best smak. Ho kokar krafta på uggar og "ørnemølen" - det stykket som er oppå, nærast hovudet. Sjølve suppa lagar ho utan fisk, ho lagar mjøljamning, sper krafta med mjølk og har raspa gulrot, hakka løk og rømme oppi.

Mange fleire tips får du i programmet frå 5. januar 2005 som du kan høyre via lydlenkja ovanfor.





Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no