Kålrabistappe på mange vis, "sunnmørsk chutney" og julesalat av sikori er blant det du kan lese og høyre om her...
Radioprogrammet "Mat med Mindor" blir sendt kvar onsdag kl. 11.30 i NRK Møre og Romsdal. Ved mikrofonen: Mindor Klauset og Odd Sørås. Her på heimesidene til programmet finn du lydlenkjer til alle programma som har vore sende.
*******
Rigmor Kjøl frå Eide har sendt oss denne oppskrifta på
Surkålrabi
1,5 dl vatn
650 g kålrabi som du skjer i små terningar og legg lagvis med
1 1/2 ts karve
litt salt
La det koke opp og la det trekkje ved svak varme i 1 - 1 1/2 time. Smak det til med
4 ts eddik og
4 ts sukker. Skal smake litt som surkål. Kan gjerne serverast til steikt fisk, torskekjakar eller fiskekarbonadar og med nykokt potet og gulrot attåt.
Kålrabistappe på mange vis
Kjellfrid Eide frå Eide fortel at ho har gjort stor lykke i heimen med å blande tjukk, kvit saus i kålrabistappa. Då blir ikkje stappa så skarp i smaken, noko særleg ungane set pris på. Dette lærde ho av mor si for mange år sidan. Til jul blandar ho gjerne litt sauefeitt i.
Elles smakar det nydeleg når ein blandar potet, kålrabistappe og kvit saus og har det attåt fiskekaker eller pølser, seier Kjellfrid Eide.
|
Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønnsaker |
Kålrabibiff
Dette var mykje brukt under krigen, då det ofte var vanskeleg å skaffe kjøt. Framleis er det somme som synest kålrabibiff er godt. La kålrota trekkje litt i ei god kraft først - grønsakkraft eller t.d. kyllingkraft, avkjøl og steik.
"Sunnmørsk chutney"
Dette er namnet Mindor sette på den "salaten" Kari Tennø frå Brattvåg ringde "Mat med Mindor" om den 10. november.
Ho raspar rå kålrabi. Så tek ho rårørt tytebær (ikkje tytebærsyltetøy) og gnir den inn i kålrabien. Resultatet blir ein rosafarga, frisk salat som eignar seg til både kjøt og fisk. Særleg til lever er denne blandinga av tytebær og kålrabi herleg.
Mindor legg til at lever og kålrot er svært godt i lag. Kålrota mildnar leversmaken.
Sikori eller julesalat
|
Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønnsaker |
Lars Kvalvåg frå Gjemnes fortel om at rotveksten sikori blei dyrka og brukt i salatar til jul i den tida han gjekk på Gjemnes hagebruksskule. Under krigen blei sikorirota brukt som kaffierstatning. I Sudan har Kvalvåg opplevd at sikori blei brukt til å lage drikke av.