skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Sjokoladekaker og anna sjokoladegodt

"Mat med Mindor" i radio og på nettet tar for seg av noko alle likar...Høyr programmet og les oppskrifter her!



Av Odd Sørås. Publisert 27.09.2004 14:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:









Høyr programmet "Mat med Mindor" frå 22. september via lydlenkja ovanfor. Av alt det interessante i programmet - der vi bl.a. høyrde om kaka "Lady Golden Glove" med sjokolade og appelsin - mmm - har vi henta ut denne oppskrifta som Else Karin Hals frå Batnfjorden ringde oss om. Dette er hennar beste kake, seier ho:


Else Karins firkløverkake

6 egg
900 g farin
6 ts vaniljesukker
3 ss kakao
6 ts kaffipulver
4 dl mjølk

Hell alt i ein bolle og rør i 2 minutt til ein jamn deig.

Så lagar du til
500 g mjukt smør eller margarin
675 g kveitemjøl
6 ts bakepulver

blandar alt i hop og heller det i ei skuffeform.

Temperatur: Else Karin Hals startar med 225 grader og skrur ned til 200 etter eit kvarter. Steiketid: 35-40 minutt, men det kan variere frå omn til omn, så ein må prøve seg fram.

Og fylla er nesten endå betre, seier Else Karin Hals:

1/2 kopp margarin
1 kopp farin
1 kopp fløyte
1 1/2 stor Firkløver-sjokolade (300 g)

Smelt dette i hop over svak varme og la det bli passe avkjølt til å ha i og på kaka når den blir kald.

Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no