skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Lyr for barn og anna nam-nam

For eksempel salt, salatar, kaninkjøt, kinamat, kobebiff og andre godsaker. "Mat med Mindor" i radio og på nettet - les og lytt!

Av Odd Sørås. Publisert 14.06.2004 14:46.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Bruk lydlenkjene til høgre og høyr radioprogrammet "Mat med Mindor".!






26. mai: Salt, lyr for barn og kaninkjøt

I dette radioprogrammet starta vi med eit lyttarspørsmål om dei ymse typane av salt som er å få kjøpt i butikken i dag. Så gjekk vi over til eit spørsmål om korleis ein kan gjere lyr appetittvekkjande for barn. Og her har Mindor Klauset nokre gode tips:

Lyr for barnemunnar
Lyr er ein flott fisk å lage fish-and-chips av!

Gratinert lyr bør også kunne falle i smak hos den yngre generasjonen. Vend han i mjølblanding, legg han i eldfast form med kvit saus (gjerne med litt ost i) og legg ost oppå. Legg gjerne potetstappe rundt kanten. Med oregano og den smelta osten oppå kan det minne litt om pizza, og skulle såleis appellere til dei yngste.

Lyr er meir kompakt enn torsk og hyse, og er noko tørrare. Han er derfor ikkje så mykje brukt i "naturleg tilstand" - men er svært godt eigna til fiskemat. Kokt lyr er inga stor delikatesse, meiner Mindor. Men ein lyttar som ringde oss kunne fortelje at dersom du frys lyren først, kan du koke han med godt resultat.


Kaninkjøt
Ein lyttar spør etter oppskrifter på kaninkjøt. Kort fortalt: bruk oppskrifter på kylling, så kan du trygt erstatte kyllingen med kanin, og resultatet blir bra.



9. juni: Salatar og kinamat

I dette programmet fortel Mindor Klauset om sine matopplevingar i Kina. Lyttarar fortel om slankemat til kvelds og kobebiff: storfe som er oppfødde på øl og massert mange gonger for dag. Elles tok vi for oss salatar: sunn og god mat som kan varierast i det uendelege.

LENKER
 
 
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no