skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Byggryn og flesk kan brukast til mangt!

Byggryn er godt - men kvifor kan ei så god matvare vere vanskeleg å få kjøpt? Og visste du at flesk i fiskemat kan vere ei delikatesse?


Av Odd Sørås. Publisert 03.05.2004 11:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:






Byggryn - ei mangelvare?

Ein lyttar fortalde oss at det kan vere vanskeleg å få tak i byggryn. Dette stadfesta marknadsdirektøren i Norgesmøllene, Ivar Hald, i "Mat med Mindor" 28. april. Etterspørselen etter byggryn er så liten at fleire av daglegvarekjedene ikkje fører denne vara lenger. Men Norgesmøllene produserer framleis byggryn, og Ivar Hald har tru på at produksjonen kjem til å auke. Men då må folk spørje etter byggryn!

Bruk lydlenkja ovanfor og høyr Ivar Hald og andre gjester frå MMM 28.04. Her er nokre oppskrifter som viser kva for ei ypparleg råvare byggryn er:


Byggkrem

Norunn Melheim frå Hovdebygda fortel at ho har denne oppskrifta frå husmorskulen i Stryn for mange år sidan. Det er rett og slett ein byggrynsvariant av riskrem som er populær både blant born og vaksne.

80 g byggryn
2 dl vatn

La gryna liggje i bløyt over natta. Kok gryna ein times tid i ei blanding av

6 dl mjølk
1 ss margarin
2 ss sukker
1 ts vaniljesukker

Smak det til som ein god graut. Avkjøl og bland inn piska kremfløyte. Raud saus av bringebærsaft attåt.

Ein gong Norunn Melheim ikkje hadde bringebærsaft, kokte ho saus av eplenektar. Det gjekk også bra.


Denne oppskrifta er Mindor sjølv ansvarleg for:

"Byggotto"

Potet-erstatning til 4 personer:

2 dl byggryn
ca 3 dl kyllingkraft eller 3 dl vann og ½ kyllingbuljongterning
60 g parmesanost
30 g smør
salt, pepper og sitron


- Legg byggrynene i bløt over natten.
- Kok dem i kyllingkraften ca 25 minutt, spe i væsken etter hvert som grynene tar opp væsken for å unngå en for bløt byggotto.
- Rør av og til for å få litt grøtaktig konsistens, grynene skal ha litt ”tyggemotstand".
- Rør inn revet parmesan og smør i terninger. Byggottoen skal være som en bløt grøt i konsistens.
- Smak til med noen få dråper sitron, salt og pepper.

Serveres som en erstatning for potet til ”nesten hva som helst”!

Kan også være en egen liten rett som er smakstilsatt f.eks: kokt hakket oksehalekjøtt, grønne erter, urter, reker, stekt sopp eller noe annet som du finner i kjøleskapet.

Kokte byggryn kan også være godt i en grønnsaksblanding til både fisk og kjøtt.


Ratatouille med byggryn

Like deler løk, paprika, squash og aubergine kuttes i terninger og stekes fort i olivenolje med litt hvitløk. Ta med litt tomatpuré på slutten og hell over hermetisk hakket tomat og noen kokte byggryn. Kokes sammen til en grønnsakstuing, smakes til med salt og pepper. Kan brukes til stekt kjøtt eller stekt fisk. Kjempegodt!


Seikarbonader med flesk

Owe Kvernberg frå Kristiansund tipsa oss i programmet denne gongen om at flesk er ein framifrå ingrediens i seikarbonader. Bland lettsalta flesk i fiskedeigen i forholdet 1:4 eller 1:5. Mal alt i kjøtkverna - ikkje bruk hurtigmiksar! Elles brukar Kvernberg på vanleg måte potetmjøl og løk i fiskematdeigen, og alltid malen muskatnøtt!

Han har også prøvd å blande sauefeitt med litt sauekjøt i fiskedeigen i staden for flesk. Det smakar også herleg!


Har du tips, spørsmål eller ei god oppskrift til radioprogrammet og internettsidene våre? Send oss nokre ord:

Skriv til "Mat med Mindor"

eller ring den automatiske telefonsvararen til "Mat med Mindor":
811 50 520



Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no