skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Ny bok om mat og matkultur i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag har gjeve ut praktverket "Den gode smaken", eit resultat av fleire tiårs arbeid med å samle inn oppskrifter. Les om boka, og høyr radioprogrammet "Mat med Mindor" som hadde boka som tema onsdag 24. mars.

Av Odd Sørås. Publisert 29.03.2004 14:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:






Foto: Magnar Fjørtoft/Abrakadabra forlag
























"Den gode smaken"

Bondekvinnelaga - som no heiter bygdekvinnelaga - har i mange år samla oppskrifter og stoff om matkulturen i Møre og Romsdal. Boka "Den gode smaken" som kom ut i slutten av mars 2004 er resultatet av eit stort dugnadsarbeid. Heile radioprogrammet "Mat med Mindor" den 24. mars handla om denne boka og matkulturen den vitnar om. Og her er mykje å bli nyfiken på - kven blir ikkje interessert i å vite meir om "Skrell frå Valldal", "Taterduppe", "Sursteika hass Jakob" eller "Marte Knipe"?

Kokebok-komitéen: frå venstre Ellbjørg Reiten, Halsa, Solveig Linge Stakkestad, Norddal, Birgit Kvadsheim, Fræna. Foto: Magnar Fjørtoft/Abrakadabra forlag


Ein god del av mattradisjonane i fylket vårt er felleseige. Men det er også store variasjonar, kanskje mest når det gjeld grauten. Som redaktørane seier: "I søre luten er graut graut, medan dei nord i fylket har kvite og brune grautar, grautar til kvardags og grautar til høgtid og fest."

Her er ei av dei mange hundre oppskriftene i boka; denne er frå nørdst i fylket:

Valnøttbrød med ost og rømme

1 l vatn
litt salt og sukker
2,5 dl rømme eller Crème fraiche
250 g knuste valnøtter
2 dl olivenolje eller soyaolje
150 g riven Jarlsberg ost
ca. 2 kg kveitemjøl
litt sammalt rug
2 pakkar fersk gjær

Steiketid 45 minutt ved 180 °C. Til seks runde brød. Bland alt flytande saman med olje og ost. La det temperere, ha i gjær. Elt inn nøtter og mjøl til det slepp bollen. Elt gjerne deigen to gongar, så får du ein lettare deig. Dryss litt riven ost over.

Ellbjørg Reiten, Halsa bygdekvinnelag





Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no