skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Fjellturmat, kjekjøt, breiflabb og egg i massevis

Når radioprogrammet "Mat med Mindor" har open meny, serverer lyttarane mange overraskingar. Les og høyr!

Av Odd Sørås. Publisert 08.03.2004 15:04. Oppdatert 11.03.2004 11:24.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Enkel og god fjellturmat

Ein termos kan brukast til fastare føde enn kaffi og kakao!

Hestekaren Bjørn Kjersem frå Tresfjorden arrangerer rideturar med hest i fjellet. Han vil gjerne ha tips om mat som er lett, tek liten plass og er enkel å lage til når ein kjem til fjells. Mindor Klauset har mange tips som du kan høyre om i radioprogrammet ovanfor. Ein kan lage ferdig t.d.gryterettar og suppe heime, men svært tjukke slik at ein tilset vatn og varmar maten over bålet når ein er komen til fjells. Elles kan ein ha suppe, hønsefrikassé eller pølser på termos.



Korleis lage til breiflabb?

Guri Saltnes frå Surnadal synest det er vanskeleg å finne oppskrifter med breiflabb. Mindor meiner ho kan gjerne finne oppskrifter med t.d. kveite og byte kveita ut med breiflabb. Bruk ikkje fersk breiflabb - han bør liggje på is 3-4 dagar og modnast, då blir han best.




Saus til breiflabb

Her har Mindor mange gode tips, bl.a. om kvitvinsaus. Han arbeider no med å få til ei detaljert oppskrift, så følg med i radioprogrammet og på matsidene til NRK Møre og >Romsdal!



"Bagebog" av Maren E. Bang

Inga Øveraas frå Vestnes gav oss eit par artige eksempel på oppskrifter frå denne gamle bakeboka frå 1847, oppskrifter med massevis med egg! Boka kom ut i berre ei utgåve og er svært sjeldan i dag. Mannen til forfattarinna fekk 13 års fengsel for underslag, og Maren måtte gje ut bøker for å forsørgje seg og borna.


Kjekjøt

Vi fekk også høve til å seie nokre godord om kjekjøtet fordi Kjellaug Dyrkorn ringde til oss om dette emnet. Kjekjøtet er magert, mildt og godt i smaken og kan brukast til det meste!


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no