skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Spelt i brød og spelt i ball

Spelt er eit eldgammalt kornslag som no er kome på moten igjen. Det kan brukast både til brød og annan mat.


Av Odd Sørås. Publisert 07.11.2003 15:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Odd Sørås og Mindor Klauset



Her kan du høyre matprogrammet frå 5/11. "Mat med Mindor" med programleiar Odd Sørås og radiokokk Mindor Klauset er på lufta i NRK Møre og Romsdal kvar onsdag i halvtimen mellom 11.30 og 12.00.

Har du tips eller oppskrifter til radioprogrammet eller nettsidene? Send oss nokre ord! Skriv til "Mat med Mindor"

Spelt "gir sterk kropp og friskt blod"

Spelt er eit eldgammalt kornslag som er i slekt med vår kveite, men meir næringsrik og - som mange hevdar - mykje sunnare og meir velsmakande. Den tyske nonna og forfattaren Hildegard von Bingen skreiv på 1100-talet:
Spelt. Foto: Volda El. Mylne


"Spelt er det beste kornet. Det er mildare og meir nærande enn andre korn. Den som et det, får sterk kropp og friskt blod og blir lett og glad til sinns."




Enno er spelt sjeldan å finne i daglegvarebutikken, men helsekostbutikkane har spelt. Det er noko dyrare og meir komplisert å bruke spelt i bakinga enn anna korn, men det ekstra bryderiet er det mange som tek med glede.

Dei finst fleire nettsider med gode oppskrifter på speltbrød. Prøv f. eks. denne:

Speltoppskrifter på klikk.no

I Møre og Romsdal produserer Volda Elektriske Mylne spelt. Nettstaden til mylna har ein del opplysningar om spelt:

Volda Elektriske Mylne

Elias Moe i VEM fortel i radioprogrammet du kan høyre ovanfor at ein kunde var innom med ei smaksprøve på potetball med spelt. Det smakte nydeleg, fortel Elias Moe. Her er oppskrifta:

Mylneball

(Oppskrift frå Volda)
5 kg store poteter, helst ikkje nypoteter. Skrell og rasp dei for hand. Dette blir ca. 4 - 4,5 kg ferdigraspa poteter (ca. 3/4 grovraspa og 1/4 finraspa).

Til potetene tilset du
3 koppar steinmale byggmjøl
1 kopp sammalen spelt
1/2 kopp steinmale kveitemjøl
4,5 toppa ts. salt
Hald igjen på mjølet så ballen ikkje blir for fast.
Du kan evt. redusere litt på byggmjølet og ha i meir spelt.

Dotten: nyretalg av hjort, evt. salt sideflesk med litt kjøt - gjerne røykt, mjuk spekemår.

Tilbehør: bacon, kålrabi (store bitar), gulrot, pølser, svinemår, dampamår (hjort), saltkjøt (kje)

Det er viktig å prøve seg fram. Denne oppskrifta er berekna på mjøl frå Mylnå. Brukar du anna mjøl, trengst det meir mjøl fordi mylnemjølet trekkjer meir vatn.


Havreloff

Elias Moe har også denne oppskrifta der 40 % av finkveiten er skifta ut med sammale havremjøl:

400 g sammale havremjøl
600 g kveitemjøl
ca. 7 dl mjølk/vatn
2 ts salt
2 ts sukker
50 g gjær
1 ss smelta smør

Steik loffen som eit vanleg brød.
Havreloff inneheld like mykje fiber som eit grovbrød.



LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no