skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset er journalist. Han har jobba i NRK Møre og Romsdal sidan 1971 – dei første åra med radioprogram, sidan 1982 berre med fjernsyn. Før han byrja i kringkastinga arbeidde han som lærar i Volda.

Oddgeir Bruaset er utdanna lærar ved Lærarhøgskulen i Volda. Han har studert norsk og historie ved Universitetet i Bergen.

Oddgeir Bruaset har laga ei heil rad større tv-produksjonar. Han stod bak det oppsiktsvekkjande dokumentarprogrammet om Rødseth-saka, har dramatisert livet på dei gamle fjord- og fjellgardane, skildra den norske kystkulturen gjennom tidene, levandegjort diktarane Ivar Aasen og Arne Garborg, fortalt historia til julesongane våre – for å nemne noko. Fleire av programma er viste i utlandet og har fått internasjonale utmerkingar.

Oddgeir Bruaset, som også er forfattar og har skrive 12 bøker, fekk Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen i 1994 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999.

Oddgeir Bruaset er frå Måndalen i Rauma.

Publisert 14.08.2003 13:43.

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no