skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Unge "mødre" på prøve

Fem jenter i 10.klasse ved Bud skule i Fræna prøver seg som mødre. Skrikarungen er ein datababy.

Publisert 06.05.2003 20:14. Oppdatert 13.05.2003 18:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Mariann Vågen tar bleieskiftet på datababyen.
Foto: Gunnar Sandvik








Av Gunnar Sandvik

Å leve saman

"Å leve saman" heiter prosjektet som 10.klasse ved Bud skule i Fræna har denne våren.
Fem av jentene i klassen bur saman i hytte ved Bud camping frå mandag til torsdag, og med seg har dei ein datastyrt baby.

De fem jentene har ei travel veke som "unge mødre". Frå venstre Marita Berget, Andrea Viken og Mariann Vågen med babyen, Silje Hokstad og Cecilie Stranden.
Foto: Gunnar Sandvik

Krevjande skrikarunge

Natt og dag må dei passe den lille skrikarungen som er vel så krevjande som ein ekte liten baby. Han ser ut som ein baby, høyrest som ein og krev det same som ein levande unge. Datababyen må ha stell, trøyst, skift, omsorg og mat for å bli roleg og tilfredsstilt.





Deler byrdene

Dei unge "mødrene" har til alt hell kvarandre å dele byrdene med. Alt etter første natt med fire timaer skriking, har fleire av dei fått nye tankar om det å bli mor i ung alder.
Cecilie Stranden og dei andre unge jentene vil gjerne bli mødre men ikkje medan dei er unge.
Foto: Gunnar Sandvik



Filmar babyveka

Problemstillinga i jentene sitt prosjekt er korleis det er få barn i tidleg alder, samtidig som ein går på skulen.
Korleis påverkar det kvardagen til jentene når dei heile tida har ein krevjande baby å ta seg av? Jentene oppleve, skriv ned, filmar og skal lage ei prosjektoppgåve som dei etterpå vil dele med medelevane.
































Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no