skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 
Høgskuleopning Molde:

Ny høgskule til dobbel pris

Nybygget ved Høgskulen i Molde vart offisielt opna i føremiddag, av utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.
Det nye høgskulebygget for helsefag og samfunnsfag fekk ein prislapp på nesten 100 millionar kroner - det doble av kva ein trudde det ville koste.

Publisert 07.04.2003 13:40. Oppdatert 07.04.2003 15:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Høgskulen samla

Ni år etter at sjukepleiarhøgskulen i Molde og høgskulen blei slått saman, er dei no samla fysisk på Kvam vest for byen. Nesten 4400 kvadratmeter undervisningsrom og kontor har fått plass i de nye høgskulebygget som blei offisielt opna måndag av utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet. Normalt skulle ho vore i regjeringskonferanse på den tida, men fekk lov av statsministeren å vere vekke sidan dette skjedde i Molde.

Statsråd Kristin Clemet og rektor Martin Risnes ved opninga av det nye høskulebygget i Molde mandag.


Pris: 98,5 mill

Under planlegginga av bygget trudde ein det ville koste omlag 50 million kroner. Kalkylen viste 79 millionar men endeleg prislapp kjem på 98,5 millionar kroner. Det første høgskulebygget på Kvam var meir enn dobellt så stort, men fekk ein prislapp på 100 millionar kroner da det blei bygd på 90-talet.

Rikt utstyrt

Bygget rommer undervisningsrom, deriblant tre auditorier, grupperom/arbeidsrom for studentar, øvingseining for sjukepleiarutdanninga og kontor for Institutt for helsefag og Institutt for samfunnsfag.

Skulebygget er rikt utstyrt med moderne høgteknologisk utstyr til studentar og tilsette.


Planløysinga gjev skuggefulle undervisningslokale mot nord, og kontor for tilsette med panoramautsikt mot sør.
Bygget har en markant arkitektonisk utforming, for eksempel korridorane som har tydelege visuelle særpreg.
- Høgskolen sine tilsette og studenter har fått eit funksjonelt og moderne bygg, som også bidrar til eit estetisk helskapt skuleanlegg, seier Hilde Nordskogen i Statsbygg.
Frå det store nye auditoriet i høgskulebygget.


Liten men fagleg sterk

-Dette er ein liten men fagleg sterk institusjon, sa utdanningsminister Kristin Clemet i sin opningstale på høgskulen. Skulen har satsa på kvalitet og har vist ei strategisk leiing, sa Clemet.
-Fordi skulen er så kompetent og heldf så høgt nivå på somme område, så har skulen på mange område fått nasjonale knutpunktsfunksjoner, til dømes innan transport, økonomi og logistikk. Høgskulen i Molde har grunn til å vere stolt av retten til å tildele doktorgrad i logistikk, statsråden.

Link for å lese og høyre om Håkon Bleken si utsmykning av høgskulebygget.

LENKER
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no