skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Kumperdøser, kompadøs og annan rognmat

Rogna er nyttig til så mangt. Denne gongen sende ho oss også på ordjakt i gamle bøker!

Publisert 07.04.2003 14:01. Oppdatert 07.04.2003 14:05.

Kompedøse = rognball

Det var Jorid Rørhus i Tresfjorden som starta kompedøsejakta; ho ville gjerne vite meir om denne retten, som altså er ein rognball.

Straks kom Frøydis Otterlei frå Rogne på banen. Ho har ei oppskrift frå svigermora, som kalla det "kompadøs" etter mor si som var frå Rødset i Brusdalen. Det er ei oppskrift som overlet til kokken å finne rette mengdene, men når alt er blanda, skal kompadøsen ha same konsistensen som potetball.
*****
Fjern alle hinner, knus rognegga godt i eit trau i lag med kveitemjøl. Bland med raspa rå potet og litt kokt potet pluss salt. Kok han som anna ball, bruk gjerne litt kjøtfeitt attåt.
*****
Oppskrifter på rognball finn vi også i somme kokebøker. "Fra bestemors kjøkken: Mat og mattradisjoner fra Møre og Romsdal" (KOM forlag) har oppskrift både på rognkaker og rognball. Her er eit eksempel på mengdeforholdet i rognballen:

1 kg rogn, 150 g kokt potet, 100 g rå potet, 150 g kveitemjøl, salt.

I denne boka finn vi også ei oppskrift på noko som blir kalla døs, men som ikkje inneheld potet:

Døs

1 kg rogn, 200 g mjøl, salt, 2 ss sirup, pepar. Blant alt saman og lag middels store ballar.

Frå kumperdøser til kumperuter

Når vi tek til å leite i det norske talemålet frå sør til nord, finn vi at rognballen må ha vore eit kjært barn med mange namn i lange tider.

Eilert Sundt, vår første samfunnsforskar, nemner retten i boka "Harham: et exempel fra Fiskeri-Distrikterne" (1859). I kapitlet "Stor Tarvelighed" skriv han om kosthaldet hos fiskarane i Haram prestegjeld, som då også omfatta Vigra. Husbondsfolket lever om lag som dei tenestkarane som ordnar seg sjølve med mat på havet, men kanskje litt betre "formedelst den bedre Kvindfolkhjælp", fortel Sundt:

"Saaledes kan der til Afvæxling istedetfor Torskehoveder engang imellem laves Ball eller Boller af saltet Seid, som hakkes sammen med raspede Potetes samt Meel og Melk, eller af Torskerogn og Meel kan laves Boller af det Slags, som kaldes Kumper-Døser."





Eit anna, svært utbreidd ord for rognball er kumperute, som er blitt brukt både på Vestlandet og i Nordland. I Ivar Aasens "Norsk Ordbog" står det under oppslagsordet KUMPERUTA: "et slags Boller (Kager) af Fiskerogn og Meel. Nogle Steder "Kumperdøsa". Dunkelt; jfr. Kumla og Kams."




Opphavet til desse orda er altså uklårt. Vi får nøye oss med å konstatere at retten og orda er gamle. Hans Strøm namner "Kumperuter" i sin "Søndmørs Beskrivelse" i 1762 - det er banka fiskerogn som er elta med mjøl og kokt i vatn, skriv han. Elles er rognballen mange stader blitt kalla berre "ruter".

Ikkje berre rogn

Ei rask undersøking viser at kumperute (og kompedøse) ikkje berre er blitt brukt om rognball, men også om leverball (kams) og om ball som inneheld både rogn og lever. I gamle ordbøker finn vidette:

1) Christen Jensøn: "Den norske Dictionarium eller Glosebog", København 1646:
"Comperpøse kaldis Fyldning udi Torsk-Mager oc Toeske/Hoffder aff Fiske-Leffuer/Miøl/Løg/Gryn/Corender oc andre Vrter."

2) Erich Pontoppidan: "Glossarium Norvagicum." Bergen 1749: "Komperute, s.m. et Slags Bondemad, bestaaende i nogle Boller giort af Fiske-Lever og Meel."

Desse sitata har vi funne på Henry Notakers framifrå nettside "Norsk matportal", som absolutt fortener eit besøk. Du finn ein peikar til Norsk matportal nedst på denne sida.

Og så avsluttar vi med

Rognbakkels

Oppskrifta er henta frå heimesida til Annie Barø, Annies Gjestekro på Smøla. (Peikar til sida hennar lenger nede.)

Rå renset torskerogn (skinnet fjernet) blandes med sirup, litt sukker, salt, byggmel, vann og evt. noe melk. Arbeid dette godt sammen. Stekes i vaffeljern.
(kilde: Smølaminne 1993 s.24)



LYKKE TIL MED KOMPEDØSENE OG KUMPERUTENE!

LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no