Politikarane vil ikkje lova meir pengar til vedlikehald av skulane i Bergen, trass i at nær halvparten av skulebygga er i svært dårleg forfatning.
Av
Turid Rogne og
Asle Hella
- Mugglukt og toalett med open kloakk er kvardagen for elevane ved Eidsvåg skole, fortel leiar for foreldreutvalget, Frode Skarstein.
Torsdag kveld orienterte han politikarane i oppvekstkomiteen i Bergen om forholda ved sin skule.
Halvparten av skulebygga forfell
Foreldra i Eidsvåg er langt i frå dei einaste som kvar dag må sende borna sine til falleferdige, illeluktande skular.
|
Byråd Hans-Carl Tveit og dei andre politikarane på møtet hadde ikkje lovnader om pengar. Foto: Venstre |
Nær halvparten av skulebygga i Bergen er i svært dårleg forfatning, i følge Bergen Bygg og Eiendom.
Årsaka er at vedlikehaldet har vore nedprioritert i snart 20 år.
Ingen har pengar
Lovnadar om meir pengar, vil ikkje Oddny Miljeteig frå SV gi. Det vil heller ikkje Tor Woldseth i Framstegspartiet.
Byråd for oppvekst, Hans-Carl Tveit frå Venstre, trur elevar og foreldre må bu seg på å vente i fleire år før det blir betring.