Av og
Alle som har sett Elling-filmane skjønar kva dette handlar om, og det som tek lengst tid i denne retten er å koka potetene (men dei kan jo kokast kvelden før t.d.).
Slik gjør du:
Start med å kutta flesk eller bacon i terningar, og steik på medium varme.
Smelt litt smør i ei kasserolle, ha i finkutta purrelauk og steik purrelauken blank før du har i 2-3 ss. kveitemjøl.
Rør dette godt saman slik det ikkje er att klumpar. Tilsett 1-2 dl. mjølk og la dette koka i 10-12 minuttar for å få vekk mjølsmaken.
Då har du ein kvit saus med purrelauk i.
Når flesket er steikt slik du vil ha det, heller du sausen over og serverer med kokte poteter.
Enkelt,raskt og greitt.