Korleis blei han til? Denne hausten er det 30 år sidan UFO-ringen på Espevær dukka opp. Bli med til Espevær!
Av
Mari Møen og
Eli Bjelland
Sjå bilete frå turen her!
 |
Skilt viser veg til UFO-ringen. Foto: Mari Møen/NRK |
Det har i løpet av dei 30 åra versert svært mange teoriar på korleis den merkelege UFO-ringen på Espevær blei til.
Nokre har hevda at det er innbyggjarane på Espevær som har vore PR-kåte og tråkka opp ringen sjølve, medan andre har trudd det må vera soppangrep.
Vår reporter blei med ringens nærmaste nabo, Else Tollevik, for finna ut meir om dette omdiskuterte fenomenet.