Bli med på KulTur og sjå botaniske paradis og geologiske mysterier.
Av
Egil Torheim og
Olaf Erlend Gundersen
Sjå bileta frå Herand
Den nye STREIF-løypa i Herand i Jondal skal offisielt takast i bruk søndag 12.juni.
KulTuren i NRK Hordaland har gått løypa og resultatet kan du høyra i to program.
Spesiell løype
Dette STREIFET går gjennom eit botanisk paradis og ikkje minst eit spektakulært geologisk område.
Her finn vi minigrotter i fjellsida som geologane ikkje heilt kan forklara, men ein eller annan kjemisk reaksjon har skapt dei heilt spesielle formasjonane.