skillegodt for ganen toppromoskillespråkspalten toppromoskilleSport topp promoskille_slutt
Toppbanner  Hordaland programmer 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Hordaland > Programmer NRK Hordaland Sist oppdatert 11:45
NRK Hordaland Postboks 7777, 5020 BERGEN
Tel: 55275200
Fax: 55275299
Distriktsredaktør:
Nettredaktør:
Lokalkontor:
Hardanger:
55 27 59 92
Stord:
55 27 59 91

 

KulTur på gamle stiar i Modalen

Då den nye bilvegen til fjellbygda Krossen i Modalen var ferdig i 1935, gjekk den århundregamle kløvstien opp til bygda i gløymeboka.

Publisert 29.09.2004 09:44. Oppdatert 29.09.2004 09:47.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Sjå bileta frå den gamle ferdavegen.

Av Oddbjørn Rosnes og Ingvil Teige Stiegler

Og snart hadde einebusker og bjørkekratt teke over den fem-seks kilometer lange ferdavegen mellom Krossen og Øvre-Helland.

Nytt liv til gamal veg

Slik var det til for eit par år sidan. Då tok Harald Nygard kontakt med kommunen, og meinte at den gamle ferdavegen måtte takast vare på som eit kulturminne.

Sidan har mange hjelpt til med å rydda vegen. Fjerna busker og kratt, ordna gamle tropper i dei brattaste kleivene, og bygd opp att bruer som åra og elva hadde rive bort.

Gamle kvileplassar

Den gamle kløvstien vert her og der broten av den moderne bilvegen, men stien er godt merka, så det er lett å følgja han. Det er og sett opp skilt med namn til dømes på dei gamle kvile-plassane.

Krossen – einbølt fjellbygd inne i Stølsheimen. Foto: Oddbjørn Rosnes/NRK.


Startar du turen nede i dalen, må du streva deg opp nokre bratte kleiver. Så kanskje er det like greitt å byrja turen oppe mellom husa i Krossen, og ta turen nedover. Slik som me gjorde ein skikkeleg regnversdag, saman med 74 år gamle Harald Nygard.

LENKER
Siste saker:
Flere saker: ALT OM KULTUR

NYHETSBREV
Få nyhetene fra NRK Hordaland på e-post - helt gratis!:

LYD OG VIDEO
Lyd og Video Se og hør opptak av nyhetssendingene fra NRK Hordaland!
Mer
 
 
 
10 SISTE NRK HORDALAND
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no