Se bilder flere bilder fra Bondhusdalen
Dette er ein av dei klassiske turane som turistar har gått i meir enn hundre år - og målet for alle var Folgefonna. Enten Bondhusbreen eller hyttene Breidablikk og Fonnabu som ligg ved kanten av sjølve Folgefonna. Derfrå kjan du få hjelp av breførar over fonna til Holmaskjær. Deretter går turen ned Tokheimslia til Odda.
Turen går først på god veg langs Bondhuselva før du kjem inn på stien oppover lia.Den buktar seg oppetter og du merkar eigentleg lite til stigninga, for du skal opp til omlag 1000 meter o.h - då kjem du til stølen Gardshamar.
Mange kallar stien for Keisarstien, men guiden vår på denne turen Anne Kari Enes vil avliva dette namnet ein gong for alle. Ingen keisar har vore der og det rette namnet, meiner ho, er turistveien eller rideveien.
Turen passar for folk som er i alminneleg god form og årleg går barnegruppa i Kvinnherad Turlag den same strekninga.Der er barn heilt ned til 7-8 års alderen med.
God tur.