Hopp til innhold

Gratis kultur til born med dårleg råd

Born og unge frå familiar med dårleg råd får gratis kulturopplevingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal. Kulturminister Anniken Huitfeldt vil no gjere «Opplevelseskortet» til eit nasjonalt prosjekt.

Kulturminister Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt vart svært engasjert då ho fekk høyre om 'Opplevelseskortet' i Ålesund i dag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Høyr radioreportasjen om kortet her:

Samarbeid

Ann-Kristin Bekkevoll

GLAD: Leiar, Ann-Kristin Bekkevoll, er svært glad for at fleire born kan få glede av «Opplevelseskortet».

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ikkje alle foreldre har råd til å ta med borna på kulturarrangement . «Opplevelseskortet» er eit kort som gir born og unge gratis tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar. Dette er eit samarbeid mellom NAV, kommunane og private aktørar.

Kortet er organisert som ei privat foreining, med Ann-Kristin Bekkevoll frå Ålesund som leiar. Det var ho som tok initiativet til kortet, etter fleire møte med mødrer som ikkje hadde råd til å la borna gå på kino eller andre fritidsaktivitetar.

Ålesund, Kristiansund og Molde har innført kortet i sine kommunar med svært gode erfaringar. No har også Møre og Romsdal fylkeskomune saman med NAV og representantar frå kommunane, utvikla eit forslag til eit felles kort for Møre og Romsdal.

– Det er heilt fantastisk at fleire kommunar i Møre og Romsdal tar dette samfunnsansvaret. For no har vi mulegheit til å gjere kvardagen mykje lettare for mange barn og unge, seier Bekkevoll.

LES OGSÅ:

– Manglar ting å fortelje

Anniken Huitfeldt og Ann-Kristin Bekkevoll

FANTASTISK: Anniken Huitfeldt og Ann-Kristin Bekkevoll. – Bekkevoll er ei fantastisk dame som har bygd opp dette frå grunnen, seier kulturministeren.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Kulturminister Anniken Huitfeldt var i Ålesund i dag og fekk informasjon om kortet. Ho kallar Møre og Romsdal for eit føregangsfylke for arbeidet med dette kulturtilbodet for born og unge. Og no vil ho altså gjere det til eit nasjonalt prosjekt.

– Det største problemet til born og unge med dårleg råd i vår tid, er at dei manglar ting å fortelje frå helga. Dei som aldri har vore på Leikeland, dei som aldri har vore på museum, eller kino. Det er dei som blir ekskluderte i vårt samfunn, seier kulturministeren.

Ho lovar no pengar, slik at born over heile landet kan få dette tilbodet.

– Dei som har sett i gang dette, seier at det ikkje er så dyrt. For det handlar om å få avtalar med den enkelte kino og det enkelte museum. Men det trengst stimuleringsmidlar, slik at vi kan spreie bodskapen om prosjektet over heile landet, seier Huitfeldt.

– Rørande

Opplevelseskortet

GRATIS: Kortet gir borna gratis tilgang til kultur og aktivitetar der dei bur. Kortet er personleg og gjeld i eit år.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Og initiativtakar Ann-Kristin Bekkevoll er glad for at prosjektet ho starta kan nå ut til fleire born. Ho seier at «Opplevelseskortet» er så treffsikkert som det kan bli.

– Det er rørande, for eg veit kor mykje det betyr for desse barna. Eg har hatt gleda av å møte ein gut som fekk kortet. Han hadde brukt opp nesten alle aktivitetane, og så var Sunnmøre Museum igjen. Han tok seg ein tur dit også han, og synest det også var veldig hyggjeleg, seier Bekkevoll.