Hopp til innhold

Tankbåt trekt av grunn

Tankbåten «Frigg» på nesten 1900 tonn sto fast vest for Veddeholmane i Sula ved Ålesund. Kystverket frykta at stormen i ettermiddag skulle skape vanskar for havaristen. Båten blei trekt av grunn klokka 9.40 tysdag formiddag.

Video nsps_upload_2010_1_26_15_7_10_442.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tankbåten har no gått tilbake til kaia ved Vedde sildoljefabrikk, berre nokre hundre meter frå havaristaden.

Det 81 meter lange skipet køyrde seg fast like etter klokka fem i dag tidleg. Skipet var på veg vekk frå Vedde sildoljefabrikk, der det hadde teke ombord 1140 tonn med sildeolje.

- Dykkarundersøkingar no i formiddag tyder på at skipet har fått berre mindre skadar. Men dette skal undersøkast nærare no, seier Ole Kristian Bjerkemo i Kystverket.

Frigg grunnstøyting

Ein slepebåt assisterer 'Frigg' tysdag formiddag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Frigg havari

'Frigg' kom seg av grunn ved 9.40-tida.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Frigg på grunn

'Frigg', like før han blei trekt av grunn ved Veddeholmane.

Foto: Reidar Helgesen
Frigg

Frigg ved kai på Vedde sildoljefabrikk.

Foto: Sven Ove Ekornesvåg / Scanpix
Frigg

Frigg blir undersøkt for eventuelle skadar på skroget.

Foto: Sven Ove Ekornesvåg / Scanpix

Hardt på grunn

Tankbåten «Frigg» har hatt ein forholdsvis kraftig samanstøyt med skjeret ved Veddeholmane. «Frigg» sto med omlag halve skipet på fast grunn. Skipet har dobbelt botn og dobbel side.

- Tankbåten er veldig solid, men det er ein fare i samband med at båten skal trekkast av grunn, sa Ole Kristian Bjerkemo i Kystverket like før båten skulle trekkast av grunn.

I ettertid ser det ut som om det ikkje har kome noko olje ut frå skipet.

Slik vert sildolje og sildemjøl produsert

Storm i ettermiddag

Vervarslinga har varsla storm på kysten av Møre og Romsdal i ettermiddag. Kystverket fryktar no at det varsla uveret skal skape problem for havaristen.

- Vi frykta det. Difor var vi opptekne av at aksjonen skulle skje på ein sikker måte, seier Bjerkemo.

Det blei prioritert å få båten trekt kjapt av grunnen, mellom anna fordi det er varsla dårleg ver i området i ettermiddag.

- Verforholda må ikkje auke foureiningsfaren, sa Bjerkemo like før skipet blei trekt av grunn.

Malta-registrert

«Frigg» er registrert på Malta men har heimeham i Måløy. Det seglar under oppdrag for Fjord shipping. Hovudassurandør er forsikringsselskapet «Gard». På grunnstøytingstidspunktet hadde båten 30 tonn lett bunkers ombord.

Avhøyr

Politiet har vore ombord og avhøyrt kapteinen. Kapteinen har forklart at han var åleine på brua. Ifølgje politiet var kapteinen oppteken med å slå på lys på formasta. Då han kom tilbake til styreposisjonen oppdaga han at han var ute av kurs. Kapteinen har forklart at det på dette tidspunktet var umogleg å bremse skipet eller å styre unna skjeret.

Skipet har eit mannskap på ti inklusive kapteinen. Det er teke alkoholtest på kapteinen, og det er ingen mistanke om at kapteinen har vore påverka av rusmiddel.

Ikkje oppdaga utslepp

Både politi, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet og det interkommunale brannvesenet har undersøkt området. Så langt er det ikkje oppdaga noko utslepp kring havaristen.

- Redningsskøyte og to slepebåtar er klar ti å assistere, seier Bjerkemo til NRK Møre og Romsdal. Reiarlaget har ansvaret for at arbeidet med å trekke båten av grunnen skjer på ein sikker måte. Vi følgjer med og er opptekne av at dette skjer på ein måte som hindrar utslepp. Vi har eit tett dialog med Sjøfartsdirektoratet og assurandør med tanke på denne operasjonen, seier Bjerkemo.

Kystverket tek over

Kystverket har no teke styringa av aksjonen.

- Vi tek denne situasjonen med det største alvor, seier Ole Kristian Bjerkemo i Kystverket. Skipet har nesten 2000 tonn fiskeolje ombord. I tillegg inneheld skipet 30 tonn lett bunkersolje. Men det er så langt ikkje meldt om noko utslepp, seier Bjerkemo.

Fallande sjø

Det var flo sjø i området klokka 7.17 i dag tidleg. Då sto båten godt planta på skjeret. Sjøen er fallande tysdag formiddag, med fjøre sjø klokka 13.43. Neste gong det er flo sjø er først klokka 20.03 tysdag kveld.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.