Hopp til innhold

Miljøbot frå Økokrim

Fiskeprodusenten Lerøy Hydrotech i Kristiansund må betale eit førelegg på 1,2 millionar kroner for å ha sluppe ut død sjukdomsinfisert oppdrettslaks.

Laks i merder
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK


Bota er redusert frå to millionar kroner, opplyser førstestatsadvokat i Økokrim sitt miljøteam, Han Tore Høviskeland.

Firmaet sleppte ut den døde fisken frå ein av sine båtar i sjøen ved oppdrettsanlegget ved Gjermundnes i Vestnes i september 2007.

Dei formilda forholda som har redusert bota noko, er blant anna at Pankreas-viruset ikkje smittar frå død fisk.

- Konsekvensen av utsleppet er nok noko mindre enn vi og forvaltinga først la til grunn. I dei undersøkingane som blant anna dei botlagde har gjort, så viser det seg at viruset ikkje sprer seg når fisken er død. Samstundes er det slik at død fisk representerer ei forureiningskjelde og saka har vi framleis sett på som alvorleg, fortel Høviskeland.

Alvorleg og smittsam fiskesjukdom

Utsleppa skjedde då Lerøy-båten skulle ta opp oppdrettsnøter fra lokaliteten. Trass i at dei oppdaga den døde fisken ved opptaket av første not, heldt dei fram med å ta opp ytterlegare minst fem nøter med død fisk, med den følgje at omlag 1500 - 2000 kilo død sjukdomsinfisert oppdrettsfisk rann ut i sjøen. Fisken var infisert av Pankreas disease, som er ein alvorleg og smittsam fiskesjukdom.

- Dei har ikkje fått noko føringar utover dette forelegget, men vi håper at dette skal ha ein prevantiv verknad med at dei no følgjer det regelverket som dei no har brote, for å forhindre blant anna slike utslepp, seier Hans Tore Høviskeland i Økokrim.