Hopp til innhold

Slepet inne ved midnatt

Alle ombord har det bra og slepet av Atlantic Viking går i smul sjø mot Tromsø.

Atlantic Viking røyklagd

Båten låg inne i tjukk røyk då KV Andenes kom til.

Foto: Kenneth Zachariassen KV Andenes

Brann i maskinrommet sette trålaren Atlantic Viking ut av spel under fiske ved Bjørnøya søndag morgon. Kystvaktskipet Andenes kom fort til unnsetning og har no trålaren under slep mot Tromsø.

Dramatisk skipsbrann

Redningsaksjon Atlantic Viking

Mannskapet blei tatt ombord i mob-båten til KV Andenes

Foto: Kenneth Zachariassen KV Andenes

Skipssjef Kenneth Zachariassen ombord på kystvaktskipet Andenes seier til NRK i formiddag at den første meldinga dei fekk frå Atlantic Viking søndag morgon var dramatisk.

Han seier at brann i maskinrommet i utgangspunktet er ei svært alvorleg sak som kan ende i tragedie. Men kystvaktskipet låg omlag 40 minutt unna havaristen og kom seg fort til samme posisjon.

Ros til mannskapet

Kenneth Zachariassen rosar mannskapet ombord på Atlantic Viking for å ha klare rutinar og for å kunne bruke desse. Då kystvakta kom til var mannskapet alt ute av skipet og hadde tatt på seg redningsdraktene.

Mannskapet hadde også stengt heile fartyet og sett igang automatisk sløkking slik at brannen var sløkt før kystvakta var på plass.

Atlantic Viking brannskadd

Atlantic Viking blei fort tatt under slep av KV Andenes

Foto: Kenneth Zachariassen KV Andenes

Ti av mannskapet blei tatt om bord i Andenes og dei åtte andre blei verande ombord på Atlantic Viking mellom anna for handtere slepinga og kutte trålen som var ute då brannen starta.

Alle har det bra

Dei gjenverande ombord på Atlantic Viking har fått forsyningar frå kystvaktskipet og har det bra bortsett frå at der er kaldt ombord. Berre ein av mannskapet fekk lettare brannskadar og blir tatt hand om av legen ombord i KV Andenes.

Slepet går no mot Tromsø i fine verforhold. Alt går etter planen seier skipssjef Kenneth Zachariassen på Andenes.

Slepet vil være nær land ved midnatt måndag og blir truleg slept til kai tysdag morgon.