Hopp til innhold

Landets største fiskebåt

Thorshøvdi bli landets største fiskebåt når den no kan byggast ferdig. Den 134 meter lange båten skal brukast til fangsting av heilt små skapningar - den rekeliknande krillen. (Sjå video)

Video nsps_upload_2009_6_8_9_21_57_566.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ny kapital

Even T. Remøy

Adm. dir. Even T. Remøy i Krill Seaproducts har 200 nye millionar til ferdigstilling.

Det har lenge vore stillstand i bygginga, men no har Krill Seaproducts skaffa 200 millionar kroner til ny start slik at båten om ikkje lenge kan starte fangstinga.

Båten er ein ombygd lastebåt som i ny utsjånad blir eit svært avansert farty med stor fabrikk, eit stort kraftverk, store lasterom og buplass for 40 personar.

Rolf Fiskerstrand

Adm. dir. Rolf Fiskerstrand, fiskerstrand Verft

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

For direktøren på verftet har det vore eit spesielt oppdrag og bygge ein stor lastebåt om til fangstfarty for krill.

No er oppgåva snart løyst og Thorshøvdi kan segle ut frå verkstaden.