Hopp til innhold

– Filmskolen vil ha master

Femårig utdanning, med fleire spesialiseringar og eit internasjonalt nivå, kravde studentar frå Den norske filmskolen framfor Stortinget tysdag formiddag.

– Den kjem, seier SV-politikar.

Filmskole

HUNDRE FOR FEM: Rundt hundre demonstrantar møtte tysdag føremiddag utanfor Stortinget for å krevje femårig filmutdanning ved HiL.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Rundt hundre studentar, tidlegare studentar og andre støttespelarar samla seg tysdag utanfor Stortinget.

Regissør Erik Poppe var ein av dei som heldt appell.

Hjartesak

Demonstrantane kravde at Den norske filmskolen i Lillehammer, trass i suksessen den på mange måtar har hatt, no bør ta steget opp og bli femårig, slik som ein del samanliknbare utdanningar er.

Dette har vore hjartesaka til den danske sjefen på filmskolen, Thomas Stenderup, men saka er låst sidan Kunnskapsdepartementet viser til at Høgskolen i Lillehammer må setje av pengar til dette, pengar dei ikkje har.

Hallvar Witzø

OSCAR-NOMINERT: Tidlegare HiL-student Hallvar Witzø skulle gjerne hatt meir djupne som regissør i form av masterutdanning.

Foto: Inger-Marit Knap Sæby / NRK.no

– Meir djupne

Hallvar Witzø er tidlegare elev ved HiL, og er nominert til Oscar for eksamensfilmen Tuba Atlantic, som han laga i 2010.

– Eg synest det er viktig at Noreg får ei filmutdanning på lik linje med andre europeiske land som vi samanliknar oss med, seier Witzø.

– Eg skulle gjerne hatt meir djupne som regissør; i form av utdanning. Det å lære på ein filmskule er noko anna enn å lære ute i bransjen - det er lov å feile. Eg kunne godt tenkt meg å ta ein slik master.

– Tre «pakka år»

– Men du vart jo Oscar-nominert etter tre år?

– Det stemmer. Eg er stolt over den norske filmskolen, over å ha gått der og av det den får til. Men det er tre «pakka år», det er hektisk, og målet kan ikkje vere ein Oscar-nominasjon kvart tiande år, men kunstnarisk og fagleg tyngde til å kunne lage norske spelefilmar. Og då treng ein to ekstra år til å skaffe seg djupne, seier Witzø:

– Dei tre åra ein har no er det jetsett og full fres.

– Ikkje tvil

– På eit eller anna tidspunkt blir det femårig utdanning. Det er det ingen tvil om, seier stortingsrepresentant Aksel Hagen (SV).

– Men skal dette skje, så treng HiL å få tilført ekstra ressursar. No er det min jobb å få på plass ekstra pengar slik at dette kan realiserast, seier Hagen.

Flere saker fra Innlandet