Hopp til innhold

Dirigerte korps – utløyste naudalarm

Vest politidistrikt tok imot ein naudsamtale der dei høyrde kraftig musikk og ei automatisert stemme som sa det hadde skjedd eit fall eller ei ulukke, skriv dei på Twitter.

– Etter undersøkingar viste det seg å vera ein mann som dirigerte korpset sitt med såpass kraftige armslag at klokka løyste ut ein slags naudalarm, skriv politiet vidare.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no