Dette skjedde natt til 9. oktober

• Pelosi vil granske om Trump er skikka
• Koplar bortføringsplan til Trump-tweet
• Kirgisistans president vil gå av

Nancy Pelosi

Demokratene sin leiar, Nancy Pelosi, sa til reporterar i Kongressen at demokratane skal diskutere om presidenten er skikka til å utføre pliktene sine på eit møte fredag.

Foto: J. Scott Applewhite / AP/NTB

Pelosi vil at kommisjon skal granske om Trump er skikka

I USA foreslår Demokratane at det blir oppretta ein kommisjon som skal evaluere om Donald Trump er i stand til å utføre pliktene sine som president. Fredag skal Demokratane diskutere om det 25. grunnlovstillegget kan brukast for å avsette ein uskikka president. Pelosi stiller spørsmål ved Trup sin dømekraft og helse.

Republikanarar kallar det eit kuppforsøk. Trump har tvitra at det er Pelosi som bør under observasjon.

Koplar bortføringsplan til Trump-tweet

Både presidentkandidat Joe Biden og Michigan-guvernør Gretchen Whitmer har kopla planane om å bortføre Whitmer til ein tweet frå Donald Trump. Biden meiner Trump har inspirert dei 13 mennene som er sikta for planar om å bortføre guvernøren og utløyse ein borgarkrig.

Trump avviser dette. Han tvitra i natt at han ikkje tolererer nokon form for ekstrem vald.

Michigan Guvernør Gretchen Whitmer

Den kidnappingstrua guvernøren i Michigan, Gretchen Whitmer har kopla trugslane mot henne til utsegner frå president Donald Trump.

Foto: AP/NTB

Kirgisistans president vil gå av

Presidenten i Kirgisistan, Sooronbay Jeenbekov, seier i ein videotale som vart lagt ut på nettsida hans fredag morgon, at han vil trekke seg. Det har vore kraftige protestar mot valet på ny nasjonalforsamling sist søndag. Presidenten seier at han vil gå av når ei ny regjering er klar og ein ny valdato er sett, melder AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no