Dette skjedde natt til 9. februar

• Nye protestar i Myanmar
• Fem tatt for knivstikking i Stavanger
• Buttigieg må i korona-karantene

Protester i Yanh\gon i Myanmar 9. febr 2021

Demonstrantar samla seg i Yangon tysdag morgon.

Foto: SAI AUNG MAIN / AFP / NTB

Nye protestar i Myanmar

Mange demonstrantar samlar seg tysdag morgon i Myanmars største by Yangon, og trassar dermed forbodet til militærjuntaen mot samlingar for meir enn fem personar. I San Chaung-bydelen i Yangon marsjerer hordar av lærarar ned hovudgata sjølv om det er innført portforbod der, melder AFP.

Juntaen har forbode demonstrasjonar i ei rekkje byar, og truar med maktbruk mot folk som protesterer. I går kveld varsla militærjuntaen at dei vil byggje eit «ekte og disiplinert demokrati» i Myanmar, ei dryg veke etter militærkuppet.

General Min Aung Hlaing

General Min Aung Hlaing lova at Myanmar skal få eit «ekte og disiplinert demokrati» i ein TV-tale.

Foto: Myawaddy TV / AP / NTB

Fem tatt for knivstikking i Stavanger

Politiet i Stavanger har i løpet av natta arrestert i alt fem personar i samband med at ein mann i 30-åra vart stukken med kniv i sentrum ved 22-tida måndag.

Mannen er i natt operert ved Universitetssjukehuset i Stavanger og tilstanden hans er stabil, opplyser politiet. To av mennene er sikta i saka.

Buttigieg må i korona-karantene

I USA er ei av livvaktene til samferdsleminister Pete Buttigieg koronasmitta, og Buttigieg må dermed i 14 dagars karantene, berre ei veke etter at han blei godkjend i Senatet. Buttigieg testa måndag negativt og har inga symptom, skriv Washington Post.

Pete Buttigieg med svart munnbind på Union Station i Washington 5. februar 2021

Pete Buttigieg med svart munnbind på Union Station i Washington 5. februar. Det er ikkje opplyst om livvakta på bildet er ho som er smitta.

Foto: Carolyn Kaster / AP / nTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no