Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 7. mai

• Strid om hus i Jerusalem
• Jente skaut tre på skule i USA
• Kvar 4. svenske har antistoff

Israelsk politi i Jerusalem: En palestinsk ungdom er arrestert i forbindelse med protester mot at palestinske familier kastes ut av sine hjem i Sheilh Jarrah-nabolaget i Øst-Jerusalem.

Ein palestinsk ungdom er arrestert i samband med protestar mot at palestinske familiar vert kasta ut av heimane sine i Sheilh Jarrah-nabolaget i Aust-Jerusalem.

Foto: Maya Alleruzzo / AP / NTB

Strid om hus og eigedom i Jerusalem

For andre kvelden på rad har det vore samanstøytar i Jerusalem mellom israelske busetjarar og palestinarar som fryktar at dei skal miste heimane sine i Sheikh Jarrah-nabolaget. Dei to gruppene kasta stein og stolar på kvarandre før politiet greip inn og arresterte sju personar.

Israelsk høgsterett kjem måndag med ei avgjerd om ei gruppe israelarar har rett til å overta heimane til fire palestinarar.

Jente skaut tre på skule i USA

I USA skaut ein elev i 6. klasse på ein skule i Rigby i Idaho to medelevar og vaktmeisteren på skulen før ein lærer tok frå henne skytevåpenet som ho hadde i skulesekken.

Dei tre skadde er ikkje livstruande skadde, opplyser sheriffen i Jefferson County.

Rigby Middle School i Rigby i Idaho i USA

SKULESKYTING: Ungdomsskulen i Rigby vart sperra av etter skytinga.

Foto: Natalie Behring / AP / nTB

Kvar 4. svenske har antistoff

Analysar av blod frå folk i Stockholm og Västra Götaland viser at kvar fjerde har utvikla antistoff mot koronaviruset på naturleg vis, skriv SVT. Desse har altså vore smitta det siste året. Andelen er dobla frå i haust.

Antistoff beskyttar mot ny infeksjon i rundt 90 prosent av tilfella, og i opptil eit år. For Sverige som heilskap har 22 prosent av befolkninga no antistoff mot koronaviruset.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no