Journalistar lauslatne i Myanmar
Reuters-journalistane Wa Lone (32) og Kyaw Soe Oo (28) er blant over 6500 personar som tysdag blei lauslatne i politisk amnesti, ifølgje Myanmars president Win Myint. Dei to har vore over 500 dagar i fangenskap.
- Les meir:
Reuters-journalistane Wa Lone (t.v.) og Kyaw Soe Oo er glade for å vere frie.
Foto: AFPIngen overlevde flystyrt i Mexico
Alle dei 13 om bord i privatflyet som styrta i Coahuila i Mexico søndag, er omkomne, ifølgje styresmaktene. Passasjerane var mellom 19 og 57 år, blant dei to foreldre og deira tre barn, melder nyheitsbyrået Reuters.
Flyvraket blei funne i Ocampo i staten Coahuila nord i Mexico.
Foto: Ho / AFPBrannmenn lauslatne i Paris
Seks brannmenn er lauslatne etter at ei norsk kvinne politimelde ei gjengvaldtekt i Paris i Frankrike. Aktor fekk ikkje medhald då dei blei framstilt for varetekt. Dommaren fann førebels ikkje klare bevis mot mennene. Etterforskinga held fram.
- Les meir:
Brannstasjonen i Paris.
Foto: Philip Lote / NRK