Dette skjedde natt til 7. januar

• Queen vann Golden Globe
• Tenåringar utsett for pistolran
• Opnar for Jemen-samtalar

Dette skjedde i natt 7. januar
Foto: VALERIE MACON / MOHAMMED HUWAIS / AFP

Queen vann Golden Globe
«Bohemian Rapsody» om rockebandet Queen vann pris for både beste dramafilm og beste mannlege hovudrolle natt til måndag. Beste kvinnelege hovudrolle gjekk til Glenn Close frå «The Wife». Filmpolitiet har meir om alle prisvinnarane.

Bohemian Rapsody er beste dramafilm

F.v. produsent Jim Beach, Brian May frå rockebandet Queen, skodespelar Lucy Boynton, skodespelar Rami Malek, Roger Taylor frå Queen og kona hans Sarina Potgieter saman på Golden Globe Awards.

Foto: Valerie Macon / AFP

Tenåringar utsett for pistolran
Tre gutar midt i tenåra skal vere rana av to personar med pistol i Ski kommune i Akershus. Dei blei fråstolen ein mobil, ein lommebok og ein blå ytterjakke. Gutane blei også kasta i bakken av gjerningsmennene, men er ikkje fysisk skadd.

Tenåringer ranet og truet med pistol

Opnar for Jemen-samtalar
Houthi-opprørarane i Jemen opnar for samtalar om den skakkøyrde økonomien i landet. Opprørsleiar Mohammed Ali al-Houthi seier nye samtalar «kan finne stad i Amman» eller som ein videokonferanse. Opprørarane presiserer at det ikkje er snakk om nye fredssamtalar denne gangen.

Mohammed Ali al-Houthi frå Houthi-delegasjonen

Mohammed Ali al-Houthi frå Houthi-delegasjonen, fotografert i haust.

Foto: Mohammed Huwais / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no