Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 6. desember

• Fire ikkje gjort rede for etter brann
• Våpensalet auka under pandemien
• Barrow erklært vinnar i Gambia

Brann på Berger i Svelvik
Foto: Hans-Kristian Rangnes / NRK

Mange brannar i natt

Det er ikkje gjort greie for fire bebuarar som er folkeregistrerte i ein einebustad som i natt brann ned i Svelvik ved Drammen. Brannen i det eldre trehuset vart meldt klokka 02.27. Huset ligg i Sandsvegen på Berger heilt sør i nye Drammen kommune.

Det vart i natt meldt om tre andre brannar her i landet. I Innlandet vart tre personar sende til sjukehus etter ein brann i ein tomannsbustad i Follebu i Gausdal ved firetida i natt, melder politiet i Innlandet. Kva slags skader dei tre har, er ikkje avklart.

I Vestfold kom bebuarane seg uskadde ut då det begynte å brenne i kjellaren i eit hus i Furustadveien i Larvik litt etter klokka 2. Brannen vart raskt sløkt, opplyser politiet.

På Kongsberg brann det seint søndag kveld i eit rekkehus med tre bueiningar i Bergmannsveien. Alle dei fem som bur i huset kom seg velberga ut.

Våpensalet auka under pandemien

Verdas 100 største våpenprodusentar selde våpen og militærtenester til ein verdi av 4838 milliardar norske kroner i 2020, viser årsrapporten frå det svenske fredsforskingsinstituttet Sipri. Fjoråret var det 6. året på rad med vekst i det globale våpensalet.

USA er den største våpeneksportøren i verda, med Kina på andreplassen. Men og den norske våpeneksporten auka kraftig i fjor.

Barrow erklært vinnar i Gambia

Valkommisjonen i Gambia har erklært sitjande president Adama Barrow som vinn av presidentvalet laurdag. Opposisjonen avviser valresultatet, melder AFP/NTB. Ouasinou Darboe som leiar United Democratic Party og to andre opposisjonsleiarar har i ein felles uttale avvist kunngjeringa og oppmodar gambiarane til ro medan resultata blir undersøkte.

Darboes tilhengjarar hevdar at resultatet var rigga til fordel for Barrow, men har så langt ikkje lagt fram nokon bevis for dette.

Tilhengere av president Adama Barrow i Gambia feirer etter valgseieren i gatene i Banjul.

Etter kunngjeringa til valkommisjonen feira Barrows tilhengjarar i gatene i hovudstaden Banjul.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no