Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 6. desember

• Kvinne omkom i ulykke i Lofoten
• 6000 overgrep i Uber-taxiar
• Vaksinemotstandar arrestert på Samoa

Det skal ha vore glatt da to biler kolliderte rett øst for flyplassen i Svolvær.

Kvinne omkom i ulykke i Lofoten

Ei kvinne i 80-åra omkom og ei kvinne i 40-åra er hardt skadd i ein kollisjon mellom to bilar på E10 aust for flyplassen i Svolvær torsdag kveld. Politiet meldte ved 02-tida at den eldste kvinna var død.

Den skadde kvinna vart flogen til Nordlandssjukehuset der ho vart operert i natt.

Politiet melder at det var glatt på ulykkesstaden.

6000 overgrep i Uber-taxiar

Taxitenesta Uber opplyser at selskapet fekk rapport om nesten 6000 seksuelle overgrep berre for verksemda i USA i 2017 og 2018.

Av dette var det meir enn 450 valdtekter.

Vaksinemotstandar arrestert på Samoa

Styresmaktene på øynasjonen Samoa i Stillehavet har arrestert ein profilert vaksinemotstandar som dei meiner har hindra det pågåande arbeidet med vaksinere alle innbyggjarar mot meslingar. Det bur rundt 200.000 menneske på Samoa.

63 menneske, dei fleste små barn, er døde som følgje av meslingsmitte på nokre få veker.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no