Dette skjedde natt til 6. august

• Facebook sletta Trump-innlegg
• USA aukar presset mot Kina-appar
• Minneseremoni i Hiroshima

Kransnedleggelse i Hiroshima 6. august 2020

MINNEMARKERING: Overlevande og slektningar av offera la ned kransar til minne om dei 140.000 som døydde i Hiroshima 6. august 1945.

Foto: STR / AFP / NTb Scanpix

Facebook og Twitter stansa Trump-innlegg om koronaviruset

Facebook har for første gong sletta eit innlegg frå president Donald Trump. I videoen som var posta på den private Facebook-sida til presidenten, seier han at barn er «nesten immune» mot koronaviruset.

– Falske påstandar og skadeleg informasjon, seier Facebook.

Også Twitter sett no grenser. Dei nekta presidenten sine valkampfolk å tvitre inntil ein tweet om barn og koronaimmunitet var fjerna, skriv Washington Post. I innlegget, som no er sletta, sa Trump sa at barn er «nesten immune» mot covid-19.

Pressetalskvinna hans seier IT-gigantane har ein «skamlaus slagside» mot presidenten.

Facebook har fjernet et av USAs president Donald Trumps Facebook-innlegg fordi de mener det spredte feilinformasjon om koronaviruset. Her er Trump under en pressekonferanse onsdag.

SENSURERT: Facebook har fjerna eit av president Donald Trumps Facebook-innlegg fordi dei meiner det spreidde feilinformasjon om koronaviruset. Her er Trump under ein pressekonferanse i natt.

Foto: Andrew Harnik / AP/NTB Scanpix

USA aukar presset på kinesiske appar

Amerikanske styresmakter åtvara i natt igjen mot populære kinesiske appar som TikTok og WeChat, og seier dei inneber «betydelege truslar». Utanriksminister Mike Pompeo lanserte i natt eit program kalla «Clean Network» som skal hindre at appar som inneber ein tryggleiksrisiko får innpass.

Kinas utanriksminister Wang Yi avviser at dei kinesiske appane er ein trussel, slik USA hevdar. Kina meiner USA ikkje har rett til å forby appane, og kallar det «mobbing».

President Trump har trua med å forby TikTok i USA etter 15. september dersom Microsoft eller eit annan amerikansk selskap ikkje får kjøpe den amerikanske delen.

Mike Pompeo, USAs utenriksminister, holder pressekonferanse 5. august

Utanriksminister Mike Pompeo lanserte i natt eit program kalla Clean Network som skal stoppe tenester som er en tryggleiksrisiko.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP/ NTB Scanpix

Minneseremoni i Hiroshima

I Japan er det minnemarkering i dag for offera for atombomba som vart sloppe over Hiroshima for 75 år sidan. 140.000 menneske vart drepne 6. august 1945.

Ordføraren i Hiroshima, Kazumi Matsui, oppfordra i talen sin om at leiarane i verda skulle forby atomvåpen.

Statsminister Shinzo Abe og overlevande og slektningar av offera la ned kransar med gule og kvite blomar.

Statsminister Shinzo Abe i Hiroshima, minneseremoni 6. august 2020

Statsminister Shinzo Abe framfor minnesmerket i Hiroshima der blomar og kransar vart lagde ned i dag tidleg.

Foto: Eugene Hoshiko

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no