FBI etterforskar om politikarar samarbeidde med opprørarar
Amerikansk politi etterforskar om det var kommunikasjon mellom Trump-tilhengjarar som storma Kongressen 6. januar og folkevalde på innsida.
Demokraten Adam Schiff som leiar etterretningskomiteen i Representanthuset, seier at moglegheita er «djupt urovekkande».
Vedtok George Floyd-lov i natt
Representanthuset vedtok i natt, med 220 mot 210 stemmer, ei ny lov, med namn etter George Floyd. Lova forbyr politiet å ta halsgrep på arrestantar, og set nasjonale standardar for korleis politiet skal arbeide og for deira immunitet.
Samstundes er Senatet si behandling av president Joe Bidens nye krisepakke på 1900 milliardar dollar, forseinka. Republikanarane har kravd at heile lovforslaget på 628 sider skal lesast høgt, noko som vil ta minst 10 timar. Demokratane kallar det eit «påfunn».
Folkekongressen starta i Kina – festar grepet om Hongkong
Valsystemet i Hongkong er tema på Folkekongressen i Kina som opna fredag. Det er venta at kongressen vil vedta endringar som vil gi Beijing meir kontroll over Hongkong. Folkekongressen samlar nesten 3000 delegatar frå heile Kina i ei heil veke.