Dette skjedde natt til 5. mars

• Politiaksjon etter skot på buss
• Kina ventar lågare vekst
• Ny ester tilstår doping

Dette skjedde i natt

Politiaksjon etter skot på buss
Politiet i Skien aksjonerte måndag kveld mot ein mann i 40-åra etter at det gjekk av eit skot på ein buss i Skien. Det var rundt åtte personar på bussen då høglydt snakking mellom minst to personar plutseleg enda med at eit skot vart fyrt av. Ifølgje politiet vart det ikkje skote med skarpt.

Hendinga skjedde på bussen i Skien i Telemark.

Kina ventar lågare vekst
Kina reknar med at landets brutto nasjonalprodukt vil auke mellom 6 og 6,5 prosent i 2019. I fjor blei veksten på 6,6 prosent, det lågaste sidan 1990. Då Folkekongressen opna tysdag blei det også kjent at forsvarsbudsjettet aukar med 7,5 prosent. Bedriftsskatten og arbeidsgjevaravgifta vil bli kutta.

Kinas Folkekongress 2019

Folkekongressens årlege sesjon vart opna tysdag.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ny ester tilstår doping
Ein tredje estisk skiløpar, 33 år gamle Algo Kärp, vedgår bloddoping. Lagkameratane Karel Tammjärv og Andres Veerpalu blei tekne under ski-VM i Seefeld. – Eg kan ikkje leve med meg sjølv om eg ikkje fortel dette, seier Kärp til den estiske avisa Õhtuleht.

Dopingskandale

F.v. estiske Algo Kärp i eit skiløp i Holmenkollen i 2014 mot norske Eldar Rønning og japanske Keishin Yoshida.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no