Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 5. juni

• Märtha Louise: – Eg fekk krasjkurs i rasisme
• Kausjon på 1 million for politimenn
• Guaido på fransk ambassade

Prinsesse Märtha og Durek Verret i Olso i 2019

På Instagram skriv prinsesse Märtha Louise langt om korleis auga hennar er opna om det verkelege vesenet til rasismen etter at ho vart kjærast med sjaman Durek Verrett.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Märtha Louise: – Eg fekk krasjkurs i rasisme

På Instagram fortel prinsesse Märtha Louise om korleis forholdet til Durek Verrett har gitt henne eit krasjkurs i rasisme.

Etter at ho innleidde et forhold til den omstridde sjamanen, har ho fått mange reaksjonar og lært mykje, skriv ho.

Kausjon på 1 million for politimenn

Dei tre politimennene som er sikta for medverknad til drap på George Floyd, kan sleppe ut av varetekt mot ein kausjon på éin million dollar, har ein dommar i Minneapolis bestemt.

Viss dei går med på å gi frå seg personlege våpen, blir summen lågare.

Guaido på fransk ambassade

Opposisjonsleiaren i Venezuela, Juan Guaidó, har søkt tilflukt i den franske ambassaden i Caracas, melder nyheitsbyrået AFP som siterer utanriksminister Jorge Arreaza.

Opplysningen kjem tre dagar etter at president Nicolás Maduro hinta om at den politiske rivalen hans hadde «gøymt seg» på ein ambassade.

Guaidó vart i mars stemna for kuppforsøk etter den politiske uroa i fjor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no