Vurderer vaksine for 12-åringar
Folkehelseinstituttet skal undersøkje om koronavaksine òg kan givast til unge ned til 12 år, skriv VG. FHI skal mellom anna sjå på faren for seinskadar av covid-19 som minnetap og utmatting.
– Med tanke på at nye virusvariantar kan ramme dei yngre i større grad, er dette særleg viktig, seier smitteverndirektør Geir Bukholm.
Tyskland har no godkjent vaksinen frå AstraZeneca òg for folk over 65 år. Både Frankrike og Belgia har gjort det same. I Noreg blir gitt han framleis ikkje gitt til folk over 65 år.
AstraZeneca-vaksinen er ikkje godkjend i Noreg til folk over 65 år fordi det ikkje er dokumentert for aldersgruppa.
Foto: Cecilia Fabiano / AP689 nye koronasmitta siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 689 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 190 fleire enn dagen før og 348 fleire enn same dag førre veke. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3434 nye smittetilfelle her i landet.
I Oslo blei det registrert 139 nye koronasmitta onsdag. Det er 37 færre enn gjennomsnittet den siste veka og 75 færre enn dagen før.
I alt 105 koronapasientar var onsdag innlagde på sjukehus. Det er fire færre enn dagen før. Til saman er 632 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars i fjor.
Vellykka test av mars-romskip
Den nye romraketten til Elon Musk, «Starship», greidde i natt å lande etter ein prøveoppskyting. Romskipet skal brukast til å plassere ut kommunikasjonssatellittar og kanskje til å sende turistar ut i rommet.
Men etter landing kom det flammar ut av den nedre delen av raketten. Nokre minutt seinare eksploderte raketten som blei kasta opp i lufta og deretter fall i bakken.
VELLYKKA TEST: Slik så det ut då romfartøyet Starship frå det amerikanske selskapet SpaceX landet i Texas.
Foto: SpaceX