Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 4. mai

• Kvinne sikta for drap i Halden
• Mann omkom i husbrann i Valdres
• Danmark tillèt 2000 på konsert

Mistenkelig dødsfall i Halden

Ein person vart seint måndag kveld funnen død med ytre skader ei leilegheit i Halden.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

Kvinne sikta for drap i Halden

Ein person er funnen død i ein bustad i Halden og politiet mistenker at det kan dreie seg om eit drap. Ei kvinne i 40-åra er arrestert og sikta for drap, stadfestar politiadvokat Øystein Rusnes i Aust politidistrikt.

Politiet vil så langt ikkje opplyse verken kjønn eller alder på den drepne.

Ein nabo seier til NRK at ho høyrde skriking og rop om hjelp. – Det høyrdest ut som ein kamp på liv og død, fortel vitnet. Like etter kom politiet med skjold og storma leilegheita.

Omkom i husbrann i Valdres

Ein mann vart i natt funnen død etter ein bustadbrann i Røn i Vestre Slidre kommune i Valdres. Politiet trur den omkomne var åleine i huset då brannen starta. Det er berre éin person registrert som busett på adressa.

I Fredrikstad brann det og i natt, i ein bustadblokk på Cicignon. Ein person er innlagd på sjukehus med brann- og røykskadar. Endå åtte bebuarar er køyrde til sjukehus etter å ha fått i seg røyk.

Semje om gjenopning i Danmark

Partia i det danske Folketinget vart i natt samde om opninga av Danmark. Frå torsdag får dei yngste barna gå på skule på heiltid. I tillegg blir det tillate med opptil 2000 menneske på konsert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no