Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 4. juni

• Obama ber om politireformer
• Mattis seier Trump splittar USA
• Tysk krisepakke vedteke

Barack Obama

Obama bad ordførarar i alle amerikanske byar om å gå gjennom reglane for når og korleis politiet kan bruke makt.

Foto: AP

Obama: – Folk må vakne og sjå den systematiske rasismen i USA

Tidlegare president Barack Obama talte i natt til unge amerikanarar om den dramatiske situasjonen som USA står i etter drapet på George Floyd.

Obama sa at situasjonen er «vanskeleg, skremmande og usikker». Men at han òg er ei stor moglegheit for folk til å vakne og oppdage den systematiske rasismen i USA.

Han tok og til orde for politireformer, og bad ordførarar i alle amerikanske byar om å sjå på reglane for når og korleis politiet kan bruke makt.

Mattis gir Trump skulda for uroa i landet

Tidlegare forsvarsminister Jim Mattis gir president Donald Trump skulda for uroa i USA.

– Trump gjer ikkje noko for å foreine oss, han prøver å splitte oss, seier Mattis til The Atlantic. Han seier dette er følgjene av tre år utan ansvarleg leiarskap.

Ny stor krisepakke i Tyskland

Regjeringspartia i Tyskland er einige om ei ny omfattande krisepakke på 130 milliardar euro, noko som svarar til nesten 1400 milliardar kroner.

Tiltaka som skal dempe dei økonomiske konsekvensane av koronakrisa, inneheld milliardstøtte til selskap i krise og lokale styresmakter. I tillegg vert momsen mellombels sett ned og elbilar får meir i subsidiar.

Forbundskanslar Angela Merkel seier at alle tyske familiar skal få 3200 kroner ekstra per barn.

Angela Merkel

Angela Merkels regjering legg nye milliardar i ein gigantisk krisepakke for å dempe verknaden av koronapandemien.

Foto: Reuters / NTB Scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no